nyhende

Celina Høyland Torkelsen tok seg ein tur innom Ålfjord Kiosk for å prøve Dyreparken-is for første gong.FOTO: FRIDA HOVLAND JEPSEN
Celina Høyland Torkelsen tok seg ein tur innom Ålfjord Kiosk for å prøve Dyreparken-is for første gong.

Andreas (14) sin andre sommar i kiosken

Andreas Aanensen (14) har hatt sommarjobb to år på rad i sommarkiosken på Våga. Men etter stengetid fredag er det slutt for i år.

Publisert Sist oppdatert

I sommar er det tre ungdomar som har rulert på å stå på i sommarkiosken Våga. Kiosken plassert lett tilgjengeleg både for båtfolk som tek turen for å få seg ein is, og for andre forbipasserande langs Ålfjordvegen.

— Kjekt når det kjem folk

Andreas Aanensen sto i kiosken torsdag.

— Er det første gong du har sommarjobb?

— Nei, dette er andre gongen eg har sommarjobb her, fortel Andreas.

— Korleis er dagane i kiosken?

— Å stå frå klokka 12 til 18 kvar dag er litt lenge, viss det ikkje kjem folk, seier han. Men 14-åringen føyer til at han likevel koser seg og synes det er svært kjekt når folk tek turen innom kiosken.

Siste moglegheit

På grunn av det båte vestlandsvêret den siste tida, kunne Aanensen fortelja at han tydeleg kunne sjå ein nedgang i talet på besøkande denne sommaren.

Folk sto i kø for å få seg ein is i godvêret torsdag.

— Sjølv om det har vore litt mindre folk denne sommaren synes eg det er svært kjekt når det kjem nokon, fortel Aanensen.

Tidelegare år har kiosken hatt opent til ut i august, men i år vel Ålfjorden velforening, som driftar den, å halda siste opningsdag fredag 29. juli. Det er ikkje alltid at eit godt humør er nok til å halda ein kiosk open.

Til Norway Cup

Samstundes som kiosken stenger ned for i år, vender hovudet til Andreas ein anna retning når han tek turen til Ekeberg for å konkurrera i verdas største fotballcup saman med laget sitt, Haugar.

Sommaren gjorde comeback i Ålfjorden og i resten av Sveio torsdag.
Powered by Labrador CMS