nyhende
Anders sitt hattrick snudde kampen i Ølen
Sveio reiste seg etter marerittstart, snudde 0–2 til 4–3 borte mot Ølen og sikra årets første siger etter hat trick av Anders Bjelland.
Etter å ha opna sesongen med to tap, starta også den tredje kampen på verst tenkeleg vis. Allereie etter sju minutt opna Ølens Elias Dyngeland målkontoen og sette inn 1–0 til heimelaget. Berre få minutt seinare blei vondt til verre då Anders Gjerde sette inn 2–0.
Sveio slo likevel raskt tilbake, då Anders Bjelland sette inn eit mål frå straffemerket og minutt seinare utlikna til 2–2. Det skulle riktignok ikkje stå seg lenge, då Mats Marvik sette inn 3–2 til Ølen berre tre minutt etter utlikninga, og Ølen tok med seg leiinga inn til pause.
Snudde kampen
I andre omgang var det Sveio som tok grep om kampen. Emil Hinderlid Misje utlikna til 3–3 i det 56. minutt, før Anders Bjelland fullførte snuoperasjonen 20 minutt seinare. Med sitt tredje mål for dagen og hat trick sørgde han for 4–3 til Sveio, som òg blei sluttresultatet.
Sveio står dermed med éin siger og to tap etter dei tre første kampane, noko som held til ein førebels 7. plass på tabellen. Neste moglegheit til å byggja vidare på sigeren kjem heime mot Djerv 1919 2 måndag 20. april.