nyhende

Straumprisrekordane kan nå uante høgder i vinter, ifølgje analytikar. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Straumprisrekordane kan nå uante høgder i vinter, ifølgje analytikar.

Analytikar spår straumprisar på over 20 kroner i Sør-Noreg i vinter

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Straumprisane når stadig nye rekordhøgder. I vinter kan prisane bikke 20 kroner per kilowatt-time, anslår sjefanalytikar.

Prisrekorden på 10 kroner denne veka kan altså bli dobla i vinter, anslår sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight overfor NRK. Han understrekar at dette er eit ekstremt scenario, men legg til at han har slutta å tru at det finst eit tak på straumprisen.

– For ein månad sidan var 5–6 kroner ganske dryge prisar, og 10 kroner var liksom utenkjeleg. Men no har ein flytta dette taket ganske høgt, seier Lilleholt.

Analyseselskapet har berekna at straumprisane i Sør-Noreg ville vore ein firedel lågare om utanlandskablane ut av Noreg ikkje hadde vorte bygde.

Statnett skriv på si side til NRK at hovudkonklusjonen deira frå i fjor viser at straumprisane ville vore svært høge også utan kablane.

– Vi kan verken stadfeste eller avkrefte funna i Volues simulering, men det er grunn til å tru at effekten av kablane er høgare no enn i 2021. Akkurat no er vi nok utanfor dei fleste analytiske modellar, og det er vanskeleg å vere skråsikker på noko, skriv Statnett.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS