nyhende
Amerikahistoriar frå heile Sveio
Årsskriftet til Sveio kystlag er i år via til utvandringa til Amerika, og byr på mykje spennande lesestoff.
I år det 200 år sidan utvandringa til Amerika starta frå Noreg. Det er markert på mange ulike vis rundt om i landet, og Sveio kystlag har levert eit solid bidrag med historia og skjebnane til folk frå heile kommunen.
Martyr, gullgravarar og Store Per
Som Daniel Nilsen som utvandrar til Amerika og enda sine dagar som martyr i Kina, gullgravarane frå Tittelsnes tilbake på 1850-talet, sveibuar som var med i den amerikanske borgarkrigen og amerikansk syn på utvandringa frå Noreg.
Eidsvåg-familien der sju søsken utvandra, fire av dei det store utvandringsåret frå Tittelsnes i 1857, og valestrendingar som reiste til Amerika så tidleg som i 1840-åra, er nokre andre eksempel på dei mange interessante historiane.
Den lengste artikkelen handlar om «Tjernagelfolk og andre sveibuar» som drog mot vest. Her har Store Per, Peder Larsson Tjernagel, ei sentral rolle. Men det er meir lesestoff i årsskriftet som garantert er interessant for mange.
Fortel historia til folk
Planane for innhaldet blei lagt i februar-mars, og hausten har gått med til å få på plass alt av artiklar og annonser.
– Det er lite båtstoff i årets tidskrift?
– Me valde innhaldet for å markera utvandringsjubileet og samstundes fortelja historia til folk frå heile kommunen. Nokre av artiklane har me hatt på trykk før, men ein heil del av innhaldet er nye artiklar skrive til dette nummeret, fortel Willy Mjånes.
Han er leiar i skriftnemda, som også består av Einar Vestvik, Arne Aage Valen og Kristian Wathne (annonseansvaleg).
Er for sal
– Det har blitt stadig dyrare å trykka, så annonseinntektene går med til å betala trykkeriet. Medlemmene – 50-60 i talet – får tidsskriftet gratis. Det me får inn på sal av resterande eksemplar går til drifta av Sveio kystlag, seier Mjånes.
Årsskriftet er å få kjøpt på Haukås bensinstasjon og butikkane i Førde og Auklandshamn.
Ei av dei store oppgåvene kyslaget står for er restaurering og vedlikehald av «Nyfalken»: