NPK-NTB: Hackarane som har angripe Amedia, ber om løysepengar, opplyser Amedia.
Data- og teknologidirektør Pål Nedregotten i Amedia seier til NRK at dei ikkje kjem til å gå i dialog om å betale løysepengar.
Det er ikkje kjent kven som står bak angrepet.
– Dette kjem til å vare ganske lenge. Det er eit mødesamt arbeid med å få tilbake systema våre, seier Nedregotten.
Natt til tysdag vart fleire av Amedias sentrale datasystem angripne, og personopplysningar kan vere på avvegar. Onsdag kom ingen av papiravisene til konsernet sine lokalaviser ut.
Bedregotten seier dei jobbar med å få på plass ei backup-løysing slik at dei kan produsere papiraviser igjen.
– Det er eit veldig klassisk løysepenger-virusangrep, der framande har teke seg inn på delar av serverane våre, kryptert dataa våre og lagt igjen eit visittkort som typisk leier vidare til eit krav om løysepengar, forklarer Nedregotten.