nyhende

— Om TV 2 ønsker å ta opp att forhandlingane, står vi klare for å finne gode løysingar på vegner av alle TV-kundar, skriv Altibox. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
— Om TV 2 ønsker å ta opp att forhandlingane, står vi klare for å finne gode løysingar på vegner av alle TV-kundar, skriv Altibox.

Altibox stadfestar TV 2-stopp

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: I førre veke trekte TV 2 seg frå forhandlingane med Altibox. No stadfestar Altibox at kundane deira mistar kanalane til TV 2 frå fredag.

– Det ser dessverre ut til at det ikkje blir nokon ny avtale med TV 2 inntil vidare. Vi synest det er leitt, for det betyr at dei ikkje får tilgang til noko TV 2-innhald hos oss frå 1. april, heller ikkje TV 2 Play vald gjennom poengsystemet vårt, skriv Altibox på Facebook-sida si torsdag.

Det var Kampanje som omtalte Altibox-meldinga først.

Det var i førre veke at TV 2 gjekk ut og sa at dei hadde avslutta forhandlingane med TV-distributøren om ein ny avtale. Den noverande avtalen går ut torsdag.

Altibox kalla i førre veke det at TV 2 avslutta forhandlingane eit PR-utspel, noko TV 2 avviste. No innrømmer Altibox at kundane deira vil miste TV 2-kanalane.

Altibox skriv i ei melding på nettsidene sine at dei vil gi kundane 50 ekstrapoeng som dei kan bruke på innhald eller 100 kroner i avslag på TV-rekninga.

– Om TV 2 ønskjer å ta opp att forhandlingane, står vi klare for å finne gode løysingar på vegner av alle TV-kundar, skriv TV-distributøren.

Altibox har over 530.000 TV-kundar, noko som betyr at over ein million sjåarar no mistar tilgangen til TV 2s kanalar.

Distributøren skriv på nettsidene sine at TV 2-appen vil vere tilgjengeleg for Altibox-kundane, og at ein kan logge inn i appen om ein har kjøpt eige abonnement direkte frå TV 2.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS