nyhende
Alternativ feiring med juletre i lagerhallen
I staden for tradisjonelt julebord samla dei tilsette i Engelsen Bygg AS seg i år til ei markering i lagerhallen i Sveio sentrum.
– Dette var eit covid-19 venleg arrangement og litt «utanfor boksen» med tanke på normal prosedyre. Me pleier å ha juleavslutning med graut, i tillegg til julebord med følgje, opplyser HR-leiar i Engelsen Bygg, Kristina Velde Sande, om arrangementet siste fredagen før jul.
Stort aldersspenn
Først på programmet stod ei rekkje markeringar av tilsette som har hatt runde dagar i året som har gått. Eldste jubilant, Dagfinn Tvedte har fylt 60 år, og blei rosa opp i skyene av sjefen.
– Dagfinn er ein heidersmann på mange vis og passar svært godt inn hos oss. Han har passert 60, førti år eldre enn årets lærling, men har kondis som ein fullblodshest! kommenterte dagleg leiar, Roald Urnes med glimt i auga.
Jubilantar og lærlingar
HR-leiar Velde Sande stod for presentasjon og utdeling av blomster til jubilantane. Ho hadde ei velfylt liste av namn.
Runar Eskeland og Jarle Østhus har begge runda 50. Håvard Bergstø og Thomas Malkenes Dahl har høvesvis fylt 40 og 30 år. Øyvind Tyse har 30-års jubileum i verksemda.
– Øyvind kjem under kategorien «heidersmann» og er ein skikkeleg Engelsen Bygg-mann det står respekt av, rosa Urnes.
Heilt til slutt blei to lærlingar trekt fram. Kristaps Narivonciks oppnådde «bestått meget godt» på fagprøva, og 19 år gamle Filip Turkerud blei nyleg kåra til «Årets lærling» av ByggOpp Vestland.
Engelsen Bygg AS har 28 tilsette. Verksemda har hovedvekt på totalentrepriser for offentlege og private byggherrar.