nyhende
Alt klart for historisk røysting: — No er vi spente på resultatet
Måndag gir sveibuen lokal-politikarane svaret på kva fylke dei ønskjer å høyre til i framtida. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) håpar på god valdeltaking.
Alt er no klart for å gjennomføre måndagens folkerøyting sundag.
— Alt er under kontroll, no er berre spente på resultat, sa ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind like før klokka 15 sundag.
Vil fleirtalet til Rogaland eller vil dei bli verande i Vestland? Ordføraren opplev at engasjement er stort.
— Eg får ofte spørsmål frå innbyggarar, og til no har 18 prosent allereie førehandsrøysta, fortel ho.
Fredag hadde 1587 av dei 4.525 røysteføre innbyggararane røysta på førehand. Det relativt høge talet har ein klar samanheng med Sveio-oppskrifta «stikk og røyst». Eit prosjekt kor kommunen har sett opp valbod i same lokale som ein har gjennomført vaksinering mot covid-19.
Tilbodet om å kombinere vaksine og røysting var gitt for siste gong i dag torsdag, då vaksineringa igjen var flytta frå Vigdartun til Sveio soknehus.
Vallokala opne til 19 måndag
På valdagen måndag blir det røystelokale som under ordinære val. Det betyr at Sveio soknehus er røystelokale for Sveio krins, Førde sambrukshus i Førde krins og Vikse skule i Vikse krins.
— Røystelokala er opne frå klokka 10 til klokka 19, fortel ho.
Er du i smittekarantene på folkerøystingsdagen har du framleis mogelegheit for å røyste, men då må du kontakte kommunen før klokka 10 måndag for å bestille heimerøysting.
Kommunen reknar med å kunne presentere førebels resultat av folkerøystinga måndag kveld.
— Det er ei mindre komplisert oppteljing enn ved ordinære val, så førebels resultat vil mest sannsynleg vere klart før midnatt, opplyser ho.
Endeleg resultat tysdag
Det endelege resultatet vil først vere klart tysdag 11. januar, etter klokka 17.
— Fordi det er opna for å røyste via brev for studentar og personar som er folkeregistrert i Sveio, men som er busett andre stadar i landet eller i utlandet, forklarar ordføraren.
— Kor stor oppslutnad tenkjer du som lokalpolitikar er god nok til å kunne leggje resultatet til grunn som eit tydeleg mandat frå innbyggarane?
— Kommunestyret har vedtatt å ha ei rådgjevande folkerøysting. Kommunestyret har ikkje sett ei nedre grense for valoppslutnad. Eg håpar mange vel å gi si stemme i denne folkerøystinga, seie ho.
Uavhengig av valoppslutnad, går saka om fylkesbyte vidare til politisk handsaming i ekstraordinært formannskapet 19. januar, og i ekstraordinært kommunestyre 24. januar.
Travel innspurt
Om lag 10 tilsette i Sveio kommune har, på omgang, jobba med folkerøystinga dei siste vekene.
— I veka før jul og i romjula har fokuset vore på mottak av førehandsrøyster, fortel Erve.
Dei siste førebuingane vart gjort denne veka, kor kommunen mellom anna har møte med dei forskjellige røystestyra som skal bemanne røystelokala. Det blir også frakta materiell ut til røystelokala denne veka.
Gjennomføringa av folkerøystingar har eit budsjett på 450.000 kroner. Fram til måndag 3. januar var det ført utgiftar på til saman 250.000 kroner.