nyhende

Allereie no kan du stemma ved stortingsvalet

Frå 11. august kan du førehandsstemma ved stortingsvalet til hausten. Men allereie no er avlukket for stemmegiving på plass ved servicekontoret på kommunehuset i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Frå og med 1. juli er det nemleg mulig med såkalla tidlegstemming for dei som vil vera bortreiste både i perioden med ordinær førehandsstemming og på sjølve valdagen 8. september. Tidlegstemming er mogleg i servicekontoret si opningstid fram til 8. august. Tradisjonelt er det få som nyttar denne ordninga i Sveio, får me opplyst ved servicekontoret.

Ulike stemmesetlar

Kven som helst kan nytta ordninga med tidlegstemming utan å dokumentera at dei er bortreiste under førehandsrøystinga eller på valdagen.

Stemmesetlane som blir brukte ved tidlegstemming er litt ulike dei som blir lagde ut under den ordinære førehandsstemminga og på sjølve valdagen. Tidleg-stemmesetlane innheld namn på alle partia ein kan stemma på, og så må ein kryssa av på det partiet ein vil gi si stemme. Ved førehandsstemminga og på valdagen blir det som vanleg lagt ut stemmesetlar for kvart parti og med namn på alle kandidatane partia stiller med i det aktuelle valdistriktet. For Sveio sitt vedkomande gjeld dette Hordaland.

Viktig ved flytting

Månadsskiftet juni/juli markerer også eit anna tidsskilje i forhold til stortingsvalet. Dersom du skal flytta, men ikkje har meldt flytting før 30. juni, må du stemma i den kommunen du flyttar frå. Har du derimot meldt flytting før denne datoen, kan du bruka stemmeretten din i den kommunen du har flytta til. Det er Valgdirektoratet som minner om denne regelen i ei pressemelding.

– På sjølve valdagen må du stemma i den kommuen du har stemmerett i. I perioden med førehandsstemming, altså frå 11. august til  5. september, kan du derimot stemma i kva som helst vallokale i heile landet, forklarar Elin Olderlund Westby.

Ho er avdelingsleiar for fagavdelinga i Valgdirektoratet.

Her kan du stemma i Sveio

I Sveio  kan ein tidlegstemma og førehandsstemma ved servicekontoret på kommunehuset. På sjølve valdagen blir det stemmelokale i Sveio sambrukshus, Førde samfunnshus og Vikse skule. Same kor du bur i Sveio, kan du velja kva stemmelokale du vil nytta.  Dei som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan oppsøkja eit vallokale, kan få besøk av valmedarbeidarar heime for å avgi stemme. Men då må ein be om dette før klokka 12.00 4. september.

Alle opningstider for vallokala i Sveio er kunngjorde på kommiunen si nettside www.sveio.kommune.no.

Powered by Labrador CMS