nyhende

Gjertrud Svartveit Osmundsen (t.v.), leiar i Sveio idrettsråd, og Lillian Rommetveit, leiar i Sveio IL, inviterer til foredrag måndag. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Gjertrud Svartveit Osmundsen (t.v.), leiar i Sveio idrettsråd, og Lillian Rommetveit, leiar i Sveio IL, inviterer til foredrag måndag.

Alle skal vera trygge på trening

Måndag kveld inviterer Sveio IL, idrettsrådet i Sveio og Vestland idrettskrins til eit av årets viktigaste foredrag: Trygg på trening. Foredraget er ope for alle som arbeider med barn og unge.

Publisert Sist oppdatert

Idretten er eit spegelbilete av samfunnet, og seksuell trakassering og overgrep skjer også der. For leiar i Sveio IL, Lillian Rommetveit, har det vore ei hjartesak dei siste fem åra å sikra at ingen blir utsett for mobbing eller overgrep knytt til aktivitetane til idrettslaget.

— Ein del av dette er å ha ein god organisasjonsplan som også inneheld korleis ein skal varsla uønska hendingar og følgja dette opp på ein rett og god måte. Hos oss må alle som arbeider med barn og unge ha politiattest og trenarattest, og me jobbar kontinuerleg for at alle skal kjenna seg trygge og ivaretatt, seier Rommetveit.

Trygge vaksne i trenarar og leiarar

I Noreg deltar 90 prosent av alle barn på fritidsaktivitetar. Politiattest er obligatorisk for alle som jobbar med barn og unge. Ikkje berre innan idretten. Men ikkje alle har dette i orden på så bra vis som Sveio IL. Og alle treng meir enn ein attest for å kunna sjå og takla situasjonar der misbruk, seksuell trakassering og mobbing rammar.

— Det er difor viktig å rusta trenarar og leiarar slik at dei er trygge vaksne som både tåler å høyra historiane og har kunnskap om korleis dei skal takla dette. Barn reagerer ulikt på til dømes misbruk. Den som var stille frå før, blir gjerne enno stillare. Og den som gjer mykje av seg til vanleg, kan bli enno meir ekstrovert, seier Gjertrud Svarttveit Osmundsen, som høyrer til Sveio karateklubb og er leiar i Sveio idrettsråd.

Ikkje kjent med saker i Sveio

Foredraget på Vigdartun måndag er eit samarbeid med Nok. Bergen og Vestland idrettskrins. Det skal gje auka kunnskap om forebygging av seksuelle overgrep og trakassering, og kva du skal gjera om du mistenker at eit barn er utsett for dette. Det vil også gje verktøy for å skapa eit sikrare og tryggare miljø i klubben.

— Me er ikkje kjent med at det har vore slike saker i Sveio, men det betyr ikkje at me ikkje treng å vera aktive for å forebygga. Det er viktig å snakka om dette, seia ting høgt og synleggjera 0-visjonen idretten har for dette. Derfor er det obligatorisk oppmøte for trenarar og tillitsvalde i Sveio IL, seier Rommetveit.

Alle er velkomne

Både ho og Osmundsen understrekar at foredraget vil gje nyttig kunnskap til alle som driv med aktivitetar for barn og unge.

— Du kan melda deg på via nettsida eller Facebook-sida til Sveio IL via ein QR-kode, eller lenka til Min idrett. Me har sendt ut invitasjon til ein del lag og organisasjonar, og håper at enno fleire melder seg på etter å lese dette i Vestavind. For oss er det viktigast at det kjem flest mogeleg, og dei som kjem i døra måndag utan påmelding er også velkomne, seier dei to.

Meir informasjon om Trygg på trening finn du her.

Powered by Labrador CMS