nyhende

Slik ser ein vassmålar til private ut. Den måler kor mange kubikk vatn som blir brukt, den kan også varsla om ulike lekkasjar. Dette er ein av dei 50 vassmålarane Sveio kommune har fått inn, til no i år har ingen blitt montert.
Slik ser ein vassmålar til private ut. Den måler kor mange kubikk vatn som blir brukt, den kan også varsla om ulike lekkasjar. Dette er ein av dei 50 vassmålarane Sveio kommune har fått inn, til no i år har ingen blitt montert.

Alle nybygg skal ha ein slik frå dette året

Frå 1. januar 2021 skal alle nybygg i Sveio som blir tilkopla kommunalt vatn ha montert vassmålar. Grunnen er at forbruket av vatn har auka svært mykje dei siste åra.

Publisert Sist oppdatert

– Me er nøydde for å ha kontroll over vassforbruket for å ha nok vatn til alle, og halda kostnadane på eit akseptabelt nivå, seier Frederik Aalo Flood, einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune. 

– Vassmålarane me ønskjer å montera er såkalla smarte vassmålarar, som er førebudde for fjernavlesing. Dette vil gi ei betre oversikt over vassforbruk, og kan faktisk også varsla ved lekkasjar på nettet, forklarar Flood.

Kostnad etter mengd

Vassmålaravgifta er alt no delt opp i to delar, sjølv om ein ikkje har vassmålar. Den eine er eit fast abonnementsgebyr, det andre er eit forbruksgebyr som blir rekna ut etter stipulert behov.

– Forskjellen for dei som får vassmålar er at forbruksgebyret blir rekna ut etter målt mengde på vassmålaren, i staden for stipulert forbruk, seier einingsleiaren.

Ved installasjon av vassmålar vil dei som bruker lite vatn vil få litt lågare avgift, og dei som bruker mykje vatn vil få litt høgare avgift.

Alle kan få

– Systemet vil motivera meir til fornuftig bruk av reint drikkevatn, som er ein verdifull ressurs i dagens samfunn. På sikt ønskjer me også å få vassmålarar i eksisterande bygningar, men dette skal me planleggja godt, slik at folk får god tid til å førebu seg.

Du kan og få vassmålar i eksisterande hus eller bygning. Om nokon ønskjer dette, kan ein ta kontakt med kommunen. Sjølve apparatet inngår i abonnementsgebyret, og blir betalt og levert av kommunen. Installasjon av vassmålar må gjerast av røyrleggjar, som ein sjølv må kosta.

Powered by Labrador CMS