nyhende
– Alle må ta ansvar for sin eigen alderdom
– Vi blir fleire eldre og færre yngre. Dette er ein ny situasjon her i landet, og det betyr at vi er nøydde til å planleggje for framtida på ein heilt ny måte, seier leiaren for Senter for eit aldersvenleg Noreg.
Senter for eit aldersvenleg Noreg er fysisk plassert i Ålesund, der sju medarbeidarar jobbar opp mot norske kommunar og fylkeskommunar for å hjelpe til med å takle ein situasjon med store demografiske endringar. Eininga er direkte lagt under Helsedirektoratet, som igjen ligg under Helse- og omsorgsdepartementet.
Senteret skal vere eit kunnskaps- og kompetansemiljø rundt eldre og aldring.
Dei friske eldre
– Vi jobbar altså ikkje med helse og omsorg. Vi jobbar med folkehelse og førebygging. Det er dei friske eldre vi konsentrerer oss om, og vi ser på dei eldre som ein ressurs. Og vi jobbar med ei reform som heiter «Bu trygt heime», som denne regjeringa er i ferd med å rulle ut, seier Wenche Halsen, leiar ved senteret, til Nynorsk pressekontor.
Ho likar ikkje uttrykket «eldrebølgja», som ofte blir brukt for å illustrere den kraftige auken i talet på eldre her i landet. Det nemning er forbode å bruke hos dei.
– Det høyrest ut som ei bølgje som kjem inn over land og gjer stor skade. Det er viktig å hugse på at dei eldre er ei samansett gruppe, der svært mange er friske og raske. Dette er ei gruppe med store ressursar. I 2030 vil vi for første gong ha fleire over 65 år enn unge under 20 år i Noreg. Og dette kjem vi til å merke både i bygd og by, seier Halsen.
Situasjonen der det er fleire eldre enn unge er alt ein realitet i mange distriktskommunar.
– Det er viktig at kommunane tek den aldersvenlege tenkinga inn i planverket sitt. Det er lett når ein høyrer ordet eldre, at ein tenkjer at det handlar om helse og omsorg. Men det er så mykje meir. Eg er sjølv 67 år, og er såleis eldre, men eg høyrer ikkje heime i helse og omsorg. Eg høyrer til i samfunnet og vil vere ein del av lokalsamfunnet i mange år til, legg ho til.
Råd til kommunane
Ei viktig oppgåve for senteret er å gi råd til kommunane om tiltak dei kan setje i verk. Det kan vere så enkelt som å setje ut benkar som folk kan kvile på når dei er ute på tur, det kan vere strøing på vinteren eller andre tiltak som gjer det enklare for eldre. Det kan også vere å leggje til rette for at private aktørar kan byggje aldersvenlege bustader.
– Vi arbeider også med å samle relevante verksemder. Både offentlege instansar, private bedrifter og frivillige organisasjonar er med, som kan arbeide saman for å gjere samfunnet betre skikka til å møte ei framtid med stadig fleire eldre. Ei partnarskapsordning, forklarar Wenche Halsen.
Digitalisering er ei viktig problemstilling. Det er over 800.000 menneske i Noreg i dag som ikkje er digitale, og dei fleste av desse er over 65 år. Denne gruppa blir kalla «digitalt sårbare». Senterleiaren håpar at ei slik partnarskapsordning kan gjere at det kjem fram nye og gode idear til korleis fleire eldre kan lære seg å bruke digitale tenester, som til dømes nettbank og levering av sjølvmelding.
Best i verda
Utviklinga skjer fort. Og Noreg har laga ein nasjonal digitaliseringsstrategi, som skal gjere oss best i verda på området innan 2030.
– Det hjelper ikkje om AS Noreg blir best i verda, om vi spring frå folk. Så det er avgjerande at det blir gjort noko for dei som ikkje er digitale. For skal folk bli buande heime lenger, så må dei vere meir digitale enn dei er i dag, slår ho fast.
Halsen innser likevel at ikkje alle kjem til å ta steget over i dataverda.
– Vi har også ein kampanje retta mot dei over 55 år. Den går ut på å fortelje denne gruppa kor viktig det er å planleggje for korleis ein vil ha det når ein blir eldre. Til dømes når det gjeld tilrettelegging av bustaden, slik at ein kan bu der lengst mogleg. Det går også på det å halde seg i god fysisk form. Men vi må passe på at det ikkje blir ein peikefingermentalitet, det er det ingen som likar. Men kampanjen handlar om å gi folk inspirasjon gjennom tips og råd, artiklar og filmsnuttar om folk som har gjort nettopp slik, forklarar ho.
På nettstaden planleggelitt.no har senteret samla ein del eksempel på kva som kan vere viktig å planleggje for.
For Halsen er ikkje i tvil om at det er heilt naudsynt at kvar og ein av oss legg planar for eigen alderdom.
Eldreråd i alle kommunar
Alle kommunar her i landet skal ha eit eldreråd, som skal kome med innspel til politikarane om å hugse på dei eldre i alle planlegging. 1500 medlemer i slike råd rundt om i landet har delteke på kurs utvikla av Senter for eit aldersvenleg Noreg. Og dette er eit arbeid dei skal halde fram med.
Wenche Halsen meiner at mange kan jobbe lenger. I dag er den gjennomsnittlege pensjonsalderen 65,5 år.
– Om snittalderen hadde gått opp med eitt år til 66,5 år, så hadde det betydd 40 milliardar kroner, skyt ho inn.
Over ein million alderspensjonistar
Det er i dag over ein million alderspensjonistar her i landet, og det er første gong i historia. Samstundes er det 120.000 personar under 30 år som korkje er i jobb eller er i eit studieløp. Senterleiaren håpar og trur at ein del av desse kan kome seg ut i arbeid. Omsorgssektoren vil ha eit enormt behov i åra som kjem på grunn av dei demografiske endringane.
Wenche Halsen har dette rådet til alle som er i kategorien eldre, eller som nærmar seg.
– Du skal halde deg fysisk aktiv, for det gjer at du er mindre utsett for sjukdomar. Og du må planleggje for korleis du vil ha det i åra som kjem. Det er ingen grunn til å vente til du bli 70 med å gjere det. Start gjerne når du er 55, avsluttar ho.