nyhende

koronasenterkoronacovid-19
Frå det lokale testsenteret som held til i Aksdal.

Alle korona-prøvar er negative til no – nokre få gjenstår

Publisert Sist oppdatert

Onsdag var det mykje å gjera på i koronasenteret i Aksdal. Mange sveibuar bestilte time for testing, og eit stort tal fekk koma til same dag. Det blei halde ekstra ope, og prøvane blei køyrt til Stavanger same kveld.

I går ettermiddag kom meldinga om at dei til då besvarte prøvane var negative. Fredag føremiddag kom det nok ei ny gladmelding frå Sveio kommune, som då hadde fått svar på dei aller fleste prøvane i samband med smittesporing – alle er negative.

Kommunen ventar framleis på resultat frå nokre få prøvar, og kjem med meir informasjon i løpet av dagen.

Powered by Labrador CMS