nyhende

John Deere-traktor med raud snøplog ryddar snø framfor ein bygard
Brøytemannskapa ryddar framleis tun og vegar i Sveio onsdag morgon etter kraftig snøfall gjennom natta.

– Alle er ute og jobbar

Snøen lava ned i store mengder tysdag og gjennom natta til onsdag. Både kommunale og fylkeskommunale brøytemannskap har derfor vore i full sving for å sikra framkommelegheit på vegane.

Publisert
Arbeidsleiar for drift og anlegg i Sveio kommune, John Anders Semb.

– Me trudde me var ferdige klokka 01.30 i natt og endeleg kunne ta det litt med ro, fortel arbeidsleiar for drift og vedlikehald i Sveio kommune, John Anders Semb.

Men snøen heldt fram med å komma utover natta. Semb anslår at det hadde kome rundt 15 centimeter snø då mannskapa gav seg i 01.30-tida. Deretter kom det meir snø gjennom natta, før det roa seg og gav seg først i morgontimane onsdag.

– Alle er ute og jobbar, seier Semb.

Han fortel at framkome på vegane blir prioritert først, før dei går vidare på parkeringsplassar og andre område. Han ønskjer ikkje å anslå når dei kommunale vegane er ferdigbrøyta, men presiserer at mannskapa held på til jobben er gjort.

Fylkesvegane

Også Vestland fylkeskommune har hatt mannskap ute i løpet av natta. Byggeleiar Morten Stokken, som har ansvar for drift og vedlikehald på fylkesvegnettet, seier at mannskapa deira har vore ute i Sveio sidan klokka 00.00 og framleis held på med å brøyta unna.

Stokken anslår at fylkesvegnettet vil vera ferdig måka i løpet av dagen. Samstundes understrekar han at det kan komma ein del snø på fortau og gang- og sykkelvegar undervegs, men at desse òg blir brøyta.

Han beklagar overfor dei som kan bli råka av høge brøytekantar, og understrekar at fortau og gang- og sykkelvegar òg blir brøyta fortløpande til arbeidet er ferdig.

Powered by Labrador CMS