nyhende

Både Albatross Spa og Albatross Fitness, som er lokalisert i denne bygningen, er blant dei som ligg an til å få straumstøttte frå Sveio kommune.ARKIVFOTO
Både Albatross Spa og Albatross Fitness, som er lokalisert i denne bygningen, er blant dei som ligg an til å få straumstøttte frå Sveio kommune.ARKIVFOTO

Albatross Spa opnar igjen

Etter å ha vore stengt sidan midten av mars i år, kan Albatross Spa frå og med 19. juni ønska gjester velkommen tilbake.

Publisert Sist oppdatert

Gjenopninga inneber ein del nye lovar og rutinar for smittevern, men dagleg leiar i Albatross Spa, Katie Evans Lothe, forsikrar at dette ikkje skal gå ut over kvaliteten i spa-opplevinga.

– Me har alt opna for bestilling og gler oss til å ønskja gjestene våre velkommen tilbake. Det er heilt klart at eg har sterkt personleg forhold til Albatross Spa og eg opplever at me tilbyr ein fristad for velvære, som er ein kjærkomen aktivitet for mange. Dette ønskjer me å halda fram med i mange år til, seier Lothe.

Krevjande prosess

Katie Evans Lothe legg ikkje skjul på at Covid-19 situasjonen og pålegg om stenging har vore ein krevjande og tung prosess.

– Det har vore ein hard økonomisk belastning, og me er avhengig av å koma tilbake i full drift snarast etter gjenopning. Eg håpar det er mogleg å etterleva trykkleiksforskriftene og samstundes driva økonomisk forsvarleg.

Powered by Labrador CMS