nyhende

Olav Østebø Olsen frå SV. Arkivfoto: Privat
Olav Østebø Olsen frå SV.

– Akkurat no er eg mest spent på korleis den saka endar

Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Olav Østebø Olsen, SV.

Publisert Sist oppdatert

Kven er denne politikaren?

Namn: Olav Østebø Olsen

Alder: 31

Bustad: Sveio sentrum

Parti: Sosialistisk Venstreparti

– På tampen av året la eg ein god innsats i forsøket på å berga naturmangfaldsplanen. Det er leit at eg ikkje lukkast med det, men tusen takk til alle som røysta med oss.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?

– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Ordninga med gratis kjernetid på SFO i Sveio er snevrare enn i resten av kommunane på Haugalandet. I kommunestyret sist blei saka om ny SFO-forskrift utsett, etter at eg nok ein gong tok opp dette. Akkurat no er eg mest spent på korleis den saka endar.

– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Jonas Gahr Støre. Men det kan godt henda at Jens Stoltenberg trur at han er statsminister, i alle fall om du spør han etter ein sein kveld.

– Har du eit personleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– I 2025 skaffa me oss omsider ei akustisk piano heime. Det er mykje kjekkare å spela på enn el-pianoet, og dermed har eg blitt inspirert til å komponera litt igjen. Det hadde vore kjekt om eg i 2026 greidde å skriva tekstar til eit par av dei nye melodiane mine, og kanskje til og med spela dei inn.

Powered by Labrador CMS