nyhende
– Å bu på Tittelsnes er livet
Viktoriia Beshyr er oppvaksen i det nest største landet i Europa. Overgangen frå Zaporizjzja i Ukraina til Tittelsnes er stor – og fantastisk, skildrar 42-åringen, som ikkje kan tenkja seg å bu nokon annan stad.
Det spirer og gror i dei nylaga minidrivhusa til Viktoriia Beshyr. I fjor bugna det av ulike typar grønsakar i Bjørgavegen, men kålhovud blir det ikkje dette året, av to årsakar.
– Rådyra kom og åt dei – og dei var rimelege på butikken, smiler Viktoriia.
Etter snart to år på Tittelsnes, kjenner ho seg godt integrert i det norske samfunnet, det har ho òg jobba for å bli. Ho er nyleg valt inn i Valestrand bygdalag som kasserar. Ho snakkar om Liv og lyst- prosjektet med stort engasjement, ho har trua på at heimplassen hennar har potensiale til å bli eit midtpunkt – slik det var før i tida. Slik kan fleire få nyta godt av dei flotte omgivnadane. Ho trur at fleire vil få augene opp for landsbygda etter kvart – med hennar urbane bakgrunn, synest ho vegen til ulike tenester frå den nordlegaste bygda i Sveio er kort.
Digital kontakt
Det er snart to år sidan ho og dei to barna, som no er 13 og 16 år starta det nye kapittelet i Noreg. Sonen går på ungdomstrinnet på Sveio skule, medan dottera går første året på vidaregåande i Haugesund. Sjølvsagt saknar dei resten av familien sin, sist gong dei var på besøk var i desember 2019.
– Det går fint så lenge me har internett og kan snakka saman kvar dag. Me sender gåver til kvarandre, fortel Beshyr. Frå Noreg blir det sendt både brunost, tran med sitronsmak og makrell i tomat, i retur kjem mellom anna ukrainsk konfekt.
Mange i Ukraina bur tett og i høge blokker, men sjølv er ho oppvaksen i ein einebustad, litt landleg midt i byen.
– Foreldra mine har ikkje gras utanfor, men produserer eigne grønsakar og blomar, det er vanleg i Ukraina, fortel ho. Denne tradisjonen har ho og tatt med seg til Noreg, for sjølv om det er mogleg å få tak i gode råvarer i handelen, synest ho at eigenproduserte råvarer smakar enda betre.
Glad i reiser
Begge foreldra til Viktoriia har hatt koronaviruset. Det går fint med dei, men samfunnet er i større grad prega av smittevern enn her hos oss.
– Dei har brukt munnbind i lang tid, i Sveio har me berre brukt munnbind på butikken i nokre veker, påpeikar ho, tydeleg glad for å sleppa akkurat det.
Det er eit opplagt ønskje å reisa heim ein tur til sommaren, men det gjenstår å sjå om det kan la seg gjera.
Viktoriia er glad i å reisa, første gongen ho var i Noreg var i 2013, då på besøk til ei venninne. Då ho var i Polen for nokre år sidan, møtte ho han som ho nokre år seinare gifta seg med. At det blei Tittelsnes på dei to, er ho svært glad for.
– Mannen min budde og jobba i Oslo i mange år. Mange ønskjer å flytta til Oslo, eg har vore der mange gonger, men eg kan ikkje forstå det. Det er her livet er, smiler ho.
Utsikta lokka
Mannen til Viktoriia er opphavleg frå Stord, men på øya synest den relativt nye sveibuen det er for tettbygd.
– Me kom her på grunn av utsikta, forklarar ho, og viser fjorden og dei snøkledde fjelltoppane ut stovevindauga.
Naboar og andre folk i bygda har tatt både ho og resten av familien godt i mot, og slår til dømes gjerne av ein prat om dei går forbi.
Koronasituasjonen som oppstod rundt sju månadar etter ankomst gjorde det noko krevjande med tanke på det sosiale, men då ho starta på vaksenopplæringa i Førde gjekk det betre igjen. Viktoriia har mykje godt å seia om det som har blitt gjort for integrering, og nemner også Språkkafé i regi av lokal inivitativtakar, Liv Marit Økland, og Språksprell i regi av Sveio frivilligsentral.
Likar seg på jobb
Viktoriia er utdanna filolog, det vil seia at ho har studert språk og litteratur, det har også vore ein fordel då ho skulle læra det norske språket, som ho meistrar bra.
I 20 år har ho undervist ukrainske elevar på vidaregåande nivå i engelsk og fransk. Om ho skal gjera det same i Noreg, ser ho føre seg at ho kanskje må studera meir, for i mange tilfelle er det ikkje nok for ein lærar å berre undervisa i språk, men også i matte og andre fag. Ho trivst godt der ho er no, som i Førde barnehage.
– Eg er snart 43 år, og eg føler meg ung når eg er med barn, seier ho. I desse dagar har ho sådd både agurk, vårlauk og sukkererter saman med dei.
Det er stor kontrast frå Zaporizjzja med over 700 000 innbyggjarar til Tittelsnes, men Viktoriia er ikkje i tvil om at det var ei rett avgjerd å flytta. Her er det reint vatn utan klor, luft utan forureining og omgivnadar med fin natur – utan industri.
– Det er fantastisk. Det er ikkje mange land som Noreg, det er her det riktige livet er.
| Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK. |