nyhende

Rådmann Jostein Førre kan gle seg over meir pengar enn budsjettert frå Havbruksfondet. Foto: Einar Vestvik
Rådmann Jostein Førre kan gle seg over meir pengar enn budsjettert frå Havbruksfondet.

9,3 mill. til Sveio frå Havbruksfondet

Sveio får 9,3 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2025. I budsjettet er det rekna med ei tildeling på 8,5 millionar.

Publisert Sist oppdatert

– Dei ekstra midlane kjem godt med. Me reknar med å få eit meirforbruk i forhold til vedteke budsjett på tre millionar kroner dette året. Dei ekstra midlane frå Havbruksfondet vil medverka til å redusera underskotet, seier rådmann Jostein Førre i ein kommentar til Vestavind.

– Viktig for kysten

I alt skal det i år betalast ut 1,4 milliardar kroner  frå Havbruksfondet til 143 kommunar og åtte fylkeskommunar med oppdrettsverksemd. I Sunnhordland får for eksempel Bømlo 11 millionar, Kvinnherad 18 millionar og Austevoll 13 millionar. Vindafjord får 7,3 millionar. Vestland fylkeskommune får 58, 7 millionar og Rogaland fylkeskommune 14,9 millionar.

– Dette betyr mykje for kysten. Gjennom Havbruksfondet sikrar me at lokalsamfunn som stiller sjøareal til disposisjon for oppdrett, får ta del i verdiskapinga. Pengane gir kommunene større handlingsrom til å investera i velferdstenester og lokal utvikling for innbyggarane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.

17,1 milliardar

Sidan utbetalingane frå Havbruksfondet starta i 2017, er det betalt ut 17,1 milliardar kroner til kommunane og fylkeskommunane langs kysten, går det fram av pressemeldinga som er sendt ut frå Fiskeridirektoratet.

Powered by Labrador CMS