nyhende
90 prosent auke i førarkortbeslag
Dei første fire månadane er det tre fleire førarkortbeslag på Haukås enn i heile fjor. Sidan 2016 har 43 mista lappen under fartskontrollar her.
Terje Oksnes, politiinspektør og distriktsleiar for UP-distrikt 3 Vest, tok onsdag turen frå Bergen for å få med seg storkontrollen og helsa på kolleger. Samt fylla opp lageret deira med smittevernutstyr. Han har både gode og dårleg tal å fortelja om.
– Resultatet på Haukås er ikkje uventa. Sidan 2016 og fram til sundag, er det skrive ut 1.043 forenkla forelegg for høg fart på Haukås. I same periode er det gjort 42 førarkortbeslag. Det 43. kom altså onsdag, seier Oksnes.
13 berre på Haukås
Hittil i år, medrekna førarkortbeslaget onsdag, har 13 førarar mista lappen på Haukås. Det er tre fleire enn i heile fjor. Tala for 2016 er 8 beslag, og 6 beslag i både 2017 og 2018.
– E 39 mellom Våg og Sandvikvåg stod tidlegare for ein stor del av dei alvorlege ulukkene i UP-distiktet. Fart er ein vesentleg faktor for kor alvorleg i ei ulukke kan bli, og me har derfor hatt særleg fokus på dette området. Hyppige kontrollar og synleg politi er med på å senka farten, og i løpet av fire år blei dei alvorlege ulukkene redusert med to tredjedelar, seier Oknses.
Utviklinga innan fartsadferda til bilistane kan også illustrerast ved kor mange timar UP jobbar per forenkla forelegg. I 2016 var det 2,8 timar per forelegg og i fjor over 6 timar. Færre køyrde altså for fort.
50 førarkorbeslag hittil i år
I 2020 kan denne positive trenden bli broten. Hittil i år er det gjort 50 førarkortbeslag i UP-distriktet dei fire første månadene av året.
– Omsett i prosent er det ein auke på heile 90 prosent samanlikna med same periode i fjor. Ein ser det same over heile landet: talet på unge menn i aldersgruppa 18-20 år som køyrer for fort har auka mykje, særleg sidan 12. mars. Det verkar som dei tar ut koronafrustrasjonen i fart på vegen. Dei utfordrar også kvarandre til dette på sosiale medier, fortel Oksnes.
Tar fleire råkjørarar
Sjølv om det er mindre trafikk på vegen, har ikkje UP trappa ned på kontrollane, og dermed blir ein del av råkjørarane tatt.
– Me kan oppsummera dei siste månadane med at det har blitt teke langt færre som køyrer litt for fort, og mange fleire som køyrer altfor fort, seier distriktssjefen.