nyhende

Regjeringa aukar støtte til inkludering av barn og unge for å sikre at barn, uavhengig av kva familie dei veks opp i, skal ha like moglegheiter for aktivitetar på fritida.
Regjeringa aukar støtte til inkludering av barn og unge for å sikre at barn, uavhengig av kva familie dei veks opp i, skal ha like moglegheiter for aktivitetar på fritida.

758 millionar til inkludering av barn og unge

Regjeringa vil at alle barn uansett bakgrunn, skal kunna delta i fritidsaktivitetar. I år har regjeringa auka støtta til tiltak for å gi fleire barn og unge høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre arenaer for meistring og inkludering.

Publisert Sist oppdatert

I årets første tildelingsrunde blir det delt ut 165 millionar kroner til nye søknader, av dei totalt 758 millionar kronene som skal ut gjennom ordninga i 2024, informerer regjeringa om i ei pressemelding.

Meir om ordninga og kven som har fått støtte i første tildelingsrunde finn du her.

Sveio er med i ordninga

Det er eit krav at din kommune er påmeldt ordninga for å søka på dei fleste aktivitetstypane, og Sveio er med i ordninga. Offentlige instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka om tilskot, og du kan søka tilskot for ein periode på inntil tre år.

Organisasjonar og prosjekt med øyremerking i statsbudsjettet kan berre søka om tilskot for eitt år av gongen.

Tilskotssåret går frå 1. januar til 31. desember, og fristen for å søka midlar er i november året før. Det er difor ikkje mogeleg å søka midlar for 2024 no, men det kan vera lurt å starta i god tid med søknadar for neste år.

Målgruppa

Målgruppa for tilskotsordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka om tilskot.

Det er mellom anna gratis eller rimelege ferie- og fritidsaktivitetar, utstyrssentralar og fritidsklubbar som kan få tilskot. Ordninga går også til lokale fritidskassar, som skal dekka utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge i kommunane.

Powered by Labrador CMS