nyhende
74 netter under open himmel
Under kvar si varme dyne ligg søskenparet Niklas og Regine Opheim og søv på verandaen heime på Krossgått. Det har dei gjort natt etter natt i lang tid.
For sju år gamle Niklas sin del har det blitt 74 netter så langt i år, og han har ingen planar om å stoppa. Fem år gamle Regine har ikkje sove ute like mange netter som storebror, men 20 netter minst har det iallfall blitt i løpet av sommaren. Minstebroren Torjus på to år, søv så langt innomhus.
Frå verandaen i andre etasje har «uteliggjarane» det luftig og godt, veret plagar dei sjeldan.
– Er det forskjell på å liggja ute og inne?
– Ja, når eg ligg ute søv eg ekstra godt, for då er eg ikkje så redd, fortel sjuåringen.
Mor, Marit Harboe Opheim, forklarar at sonen synes det er litt skummelt når det er mørkt på soverommet, ute derimot er han ein tøffing.
Kvar kveld spør Niklas foreldra sine om lov til å sova ute, men det blir sjeldan diskusjonar om den tingen.
– Mamma og pappa synes det er heilt greit at eg søv ute, bort sett frå når det regnar mykje, smiler Niklas.
Men så er også heile familien van med å vera mykje ute, og overnattar gjerne i naturen.
– Me har sove i hengekøye i skogen også, seier Regine stolt.
Når det er leggjetid går ho og Niklas til romma sine og hentar madrassane bak senga, så riggar dei seg til ute på verandaen. Der ligg dei side om side, aldri noko bråk eller krangling.
– Borna er van med å liggja tett. Me budde i campingvogn i fire månadar medan me bygde ut huset vårt, etter det delte me soverom i eitt år medan andre etasje blei ferdig, – det er først no i seinare tid at borna har fått kvar sitt rom, fortel trebarnsmora.
Kosedyr på armen
Det er ingen tvil om at dei to eldste borna i familien Opheim storkosar seg på ute-soveplassen sin. Her har dei også fleire kosedyr som held dei med selskap. Regine viser oss ei stor løve og ein katt, begge dyra må alltid vera med når ho skal sova. Niklas klemmer på kosehunden sin, den er viktigast, men også han har fleire natt-kosedyr. Når alt og alle er på plass, går det ikkje lenge før trøytte barneaugo fell igjen.
Friske born
Her i andre høgda på huset, er det trygt og godt. Ingen forstyrrar dei i søvnen.
Saueflokken deira som går og beitar har også gått til ro, og ingen sauebjeller er å høyra.
Overgangen frå å sova ute på sommerstid, merkast ved at borna søv kanskje vel så bra som dei gjer innomhus. Dessutan har foreldra tru på at den friske lufta gjer berre godt.
– Eg trur borna blir mindre sjuke ved å vera mykje ute, seier Marit Harboe Opheim.
Regn og vind har ikkje klart å stoppa prosjektet. I fjor heldt Niklas fram med å sova ute til langt ut på haustparten, ei natt fekk han jamvel litt snø virvla inn på dyna si.
– Eg fraus ikkje, det var eigentleg berre tøft, smiler friskusen.
Sjølv om han snart skal finna fram skulesekken igjen for å byrja i 2. klasse, trur sjuåringen at soverutinane hans vil vedvara.
– Eg kan vel sova ute for det om eg byrjar på skulen, seier Niklas som om det skulle vera noko problem.