nyhende
700.000 til å spreia kjærleik for bøker
Skulen og folkebibliotek sit ikkje stille i båten etter låge leseresultat blant elevar. – Gjev me dei kjærleik for å lesa, så betrar lesinga av seg sjølv, seier Anitha Ramsdal og Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.
Dei sit ei ein lesekrok og pratar ikkje overraskande om bøker. Kristine Thorkildsen og Anitha Ramsdal driv både Sveio folkebibliotek og skulebibliotek. Med seg rundt bordet har dei skulefagleg rådgjevar frå kommunen Hege Hovland Steindal.
– Etter resultata på leseprøvane kom så søka me midlar, seier Ramsdal.
Lesedugleik
Det vart innvilga heile 700.000 kroner til prosjektet. No går dei i brei front for å auka lesekompetansen på barneskulane i kommunen.
– Borna vil merka at det skjer noko gøy for kvart trinn, seier Thorkildsen.
Fleire hendingar og aktivitetar skal gjera born meir vant med å lesa og det å besøka biblioteket, og ikkje minst kvifor det å lesa er noko godt.
– Eg trur alle har godt av å «forsvinna» litt inn i ei bok, seier Thorkildsen.
– Det er ikkje alle som er vant med bøker, eller som har det heime no til dags, seier Ramsdal.
Prosjektet heiter «skule + skulebibliotek + folkebibliotek = lesedugleik», og rådgjevaren frå kommunen seier dei har teke eit heilskapleg blikk på det.
– Det går hand i hand med rådande læreplan, seier Steindal.
Tevlar med telefonen
Styrken til prosjektet er at det går til verks på mange forskjellege måtar. Overordna skal biblioteket spreia leseglede hjå elevane, og lærarane skal læra korleis pedagogisk å nytta biblioteket. På bakkenivå skjer dette gjennom ulike samlingar og hendingar.
– Ei samling skulle elevane finna bøker og fortelja oss bibliotekarar om kva dei handla om, seier Thorkildsen.
– Det var kjempegøy for oss, og dei var faktisk veldig flinke, seier Ramsdal med eit smil.
Alle tre erkjenner at dei ikkje er nøytrale når det kjem til det skrivne ord. Steindal er faktisk så ivrig lesar at ho kan skryta på seg å vera ein som kjem med bok-anbefalingar til ein bibliotekar.
– Men det er jo berre kjempebra, det er jobben min og eg elskar å lesa, humrar Thorkildsen.
Dei understrekar at det viktigaste er at borna vert vant og utviklar kjærleik for å lesa. Då kjem auka leseferdigheiter av seg sjølv, og bøker vert ein naturleg del av livet deira. For alle tre er klar over at det ikkje er den lettaste oppgåva, og at de ikkje er utan konkurranse for merksemda til borna.
– Det er vanskelig, det må me erkjenna, seier Thorkildsen om kor viktig mobiltelefonen er for dagens unge.
Minne frå Lønneberget
Bibliotekarane og rådgjevaren er likevel sikre i si sak. Dei har sett med eigne auge korleis borna lyser opp når dei får «forsvinna litt» i ei bok, eller utfolda seg føre publikum når dei skal fortelja vaksne om bøker dei har lese. Og, så var det dette med at alle tre kjenner framleis verknaden av bøker i barndomen.
– Nancy Drew. Systera mi las den til meg først. Og eg hugsar så godt kor glad eg var når eg klarte å lesa den sjølv, seier Ramsdal.
Thorkildsen nemner Emil på Lønneberget og Pippi, men det ho hugsar best var kor magisk det å kunne lesa bøkene.
– Eg hadde ei eventyrbok med bilete som eg bladde ihjel. Eg kunne ikkje lesa enno, og gleda meg så mykje til å forstå alle desse orda, seier ho.
– Mamma lot meg vera med i «Bokklubbens born» så eg hadde masse bra å lesa. Eg hugsar boka om «Katten Tom» som ble gløymd att på hytta, seier Steindal.
– Ja! Den hugsar eg og, seier Ramsdal.