NPK: Nye tal frå Fafo viser at dei fleste unge framleis er uorganiserte.
Trass stort mediemerksemd, har mange unge ikkje eit forhold til fagforeiningar, skriv NRK Vestland.
Om lag 7 av 10 av arbeidstakarar mellom 16–25 år er ikkje fagorganiserte, ifølgje upubliserte, nye tal frå Fafo. Tala har halde seg stabile sidan 2017.
– Det er mange unge som tenker at det er greitt å ikkje vere organiserte. Dei tenker at dei ikkje skal vere så lenge i jobben og utdanne seg til noko anna, seier forskar Kristine Nergaard til NRK.
Ifølgje Nergaard tyder likevel tal på at dei unge melder seg inn i fagforeiningar når dei har komme i ein meir permanent jobb.
(©NPK)