nyhende

Sveibuaen er glade i lokalavisa si, og det er me takksame for.
Sveibuaen er glade i lokalavisa si, og det er me takksame for.

69 fleire heildigitale lesarar

Opplagstala for 2. halvår 2023 viser at stadig fleire vel å lesa Vestavind berre digitalt. Totalt gjekk opplagstallet ned med 18 samanlikna med 2. halvår i 2022.

Publisert Sist oppdatert

Opplagstall 2. halvår 2023

Utvalde aviser i vårt område. Endring frå andre halvår 2022 i parantes.

  • Vestavind:1.571 (-18)
  • Grannar: 3.393 (-69)
  • Tysvær Bygdeblad: 2.118 (-37)
  • Suldalsposten: 2.590 (-18)
  • Ryfylke: 2.186 (-30)
  • Karmøynytt: 1.832 (+221)
  • Bømlo-Nytt: 4.036 (+226)
  • Sunnhordland: 7.437 (+405)
  • Haugesunds Avis: 20.867 (-320)

Det er stadig endingar i abonnementsmassen, og det varierer også med tid på året. Opplagstala blir no rapporterte kvart halvår, og andre halvår er gjerne prega av at fornying av abonnement blir vurdert mot andre ting på slutten av året. Høge renter og dyrare mat og straum er noko av det som kan spela inn.

Glade i lokalavisa

Sveibuane er likevel glade i og trufaste mot lokalavisa si, og det er me veldig takksame for. Andre halvår 2023 enda på 1.571 og ein nedgang på 18 samanlikna med andre halvår 2022 (1.589). Sjølv om det er ein liten nedgang, må det kunna kallast stabilt. Ser me på tidlegare år, er det tredje høgaste opplagstall på slutten av året sidan 2017.

Trenden for dei ulike abonnementa til Vestavind er som i fjor. Stadig fleire abonnentar går over til reint digitalt abonnement, og samanlikna med andre halvår 2022 er det ein auke på 69.

Komplett med både papir- og nettavis har ein nedgang på 89 abonnentar samanlikna med andre halvår i 2022.

Stabilt

Totalopplaget for dei over 110 lokalavisene som er tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA ) aukar med drøye 2.000, ein auke på 0,6 prosent. Rundt halvparten av LLA sine lokalaviser går fram, rundt halvparten tilbake samanlikna med andre halvår 2022.

– Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt blant folk landet rundt. Våre stabile opplagstal viser at redaktørstyrte lokalaviser lagar journalistikk som er verdt å betala for. Lokalavisene er også ein nyttig markedskanal for nasjonale og lokale annonsører, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA.

Powered by Labrador CMS