nyhende
64 personar har fått augeskadar av fyrverkeri dei siste fem åra: – Bruk vernebriller!
Dei siste fem åra har til saman 64 personar fått augeskadar etter bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan. Bruk vernebriller, er det klare rådet frå fagfolk.
– Bruk vernebriller! Det er eit lite og enkelt tiltak, som kan redde auga dine viss det skjer eit uhell. Det er viktig å hugse på at fyrverkeri er eksplosiv, og sjølv små mengder er nok til å kunne gi livsvarige skadar, seier fungerande avdelingsdirektør Brit Skadberg i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Ho opplyser at vernebriller ofte blir delte ut gratis eller blir selde billig der du kjøper fyrverkeri.
Ver førebudd
Brannvernsforeininga er også veldig tydelege på at folk må vere forsiktige på nyttårsaftan.
– Fyrverkeri er eksplosiv og skal behandlast med omhug. Den som skyt opp fyrverkeriet bør førebu oppskytinga medan det er lyst, halde seg edru og bruke vernebriller. Alle som ser på fyrverkeri må følgje avstandsbestemmingane for fyrverkeriet, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Brannvernforeningen.
Han minner også på at aldersgrensa er 18 år for sal, kjøp og bruk av fyrverkeri. Sjølv små stjerneskot har 12-årsgrense.
– Spør på utsalsstaden om det er noko du er i tvil om, seier Søtorp.
Titals skadar kvart år
Dei siste fem åra har det vorte rapportert om 206 personskadar samband med nyttårsfeiringa, ifølgje DSB. I snitt 41 kvart år. Personskadane har ulik alvorsgrad og er på fingrar, ansikt, høyrsel, auge eller andre kroppsdelar. Det er flest menn som skader seg.
I ei tidlegare undersøking som Respons Analyse gjennomførte på vegner av Fremtind, svarte ein av fire nordmenn at dei ikkje bruker vernebriller under oppskyting av rakettar. Overlege og netthinnekirurg ved Oslo universitetssjukehus, Pål Andresen, oppmodar til å vise respekt for fyrverkeriet.
– Trass i stor innsats på operasjonsstova, ender mange pasientar med livsvarige skadar – som redusert syn og i verste fall blindskap, seier Andresen.
Styresmaktene minner om at det berre er lov til å fyre av fyrverkeri på nyttårsaftan, mellom klokka 18 og 02.
– Kommunen kan bestemme lokale avgrensingar og forbod for bruk av fyrverkeri i spesielle område der det kan oppstå fare for liv, helse, miljø eller materielle verdiar, påpeikar DSB.