nyhende
55-åringar får tilbod om tarmundersøking
No er eit nasjonalt screeningsprogrammet for tarmkreft i gang hos oss i Helse Fonna. Det har som mål å oppdage kreft tidleg – og no får alle 55-åringar tilbod om å delta.
Tarmkreft er ein av dei mest vanlege krefttypane. I Noreg får om lag 4500 personar tarmkreft kvart år og rundt 1600 dør årleg av sjukdommen. Tal frå Kreftregisteret viser at dersom dette blir oppdaga tidleg, og ein raskt kan starte behandling vil meir enn 95 prosent overleve.
— Kan redde liv
– Tarmscreening kan redde liv, og vi er utruleg glade for at dette programmet no innførast – slik at vi kan oppdage kreft på eit tidleg tidspunkt. Dette er eit lågterskel tilbod, og det skal vere enkelt for alle 55-åringar å delta, seier funksjonsleiar gastromedisin, Jeanett Pedersen i ei pressemelding.
Kvalitet i fokus. Kreftregisteret har ansvar for å drifte det nye screeningsprogrammet og samarbeider tett med Helse Vest for å sikre eit best mogleg tilbod til deltagarane.
Tar testprøva sjølv
Metoden som blir brukt i Noreg når screeningsprogrammet startar, er ein test av blod i avføringa. 55-åringane får først tilsendt informasjon om tilbodet frå Kreftregisteret via HelseNorge.no. Deretter får pasienten tilsendt eit prøvesett i posten. Dette skjer berre viss ein takkar ja til å delta, noko som er heilt frivillig. Testen tar dei heime sjølve og sender inn til analyse. Analyse av prøva vil bli gjort ved Akershus Universitetssjukehus.
Koloskopi blir gjennomført lokalt ved Haugesund sjukehus
Dersom laboratoriet finn blod i prøva, blir personen innkalla til ei koloskopiundersøking ved det lokale sjukehuset sitt. For deltakarane i Helse Fonna vil koloskopi bli gjennomført på sjukehuset i Haugesund – ved poliklinikk for gastromedisin.