nyhende

Birgitte Tengs vart drepen i mai 1995. No, nesten 30 år seinare, er ein mann dømt for drapet. Foto: Våge studio / NTB / NPK
Birgitte Tengs vart drepen i mai 1995. No, nesten 30 år seinare, er ein mann dømt for drapet.

52-åring dømt for drapet på Birgitte Tengs

Den tiltalte 52-åringen kollapsa på plassen sin då han høyrde retten dømme han til 17 års fengsel for drapet på Birgitte Tengs.

Rettssalen vart tømd i all hast etter at den tiltalte fall av stolen og vart liggjande på golvet etter at retten hadde lese slutninga i dommen mot han: Han blir dømd til 17 års fengsel for drapet på Birgitte Tengs på Karmøy natt til 6. mai 1995.

Dommen fall i Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag formiddag og er i samsvar med påstanden til aktor.

I tillegg må 52-åringen betale 600.000 kroner til kvar av foreldra i oppreisingserstatning.

– Ambulanse på veg

To minutt etter at han hadde fått forkynt dommen på 17 års fengsel for drapet på Birgitte Tengs i 1995, fall den tiltalte 52-åringen om i retten. Han hadde akkurat sett seg etter å ha fått opplyst at ein einstemmig domstol hadde funne han skuldig i drapet.

Han vart liggjande medan dommar Arne Vikse bad alle i den fullsette rettssalen om å forlate rommet.

Etter kort tid kunne ein høyre at forsvarar Stian Kristensen sa at ambulanse var på veg, og at han spurde den tiltalte om han klarte å reise seg.

Ambulansen kom til tinghuset i Haugesund seks–sju minutt etter hendinga i rettssalen.

Felt av DNA

Det har no gått nesten 28 år sidan 17 år gamle Birgitte Tengs natt til 6. mai 1995 vart misbrukt og drepen, berre nokre få hundre meter frå heimen sin nokre kilometer utanfor Kopervik sentrum på Karmøy.

1. september i 2021 vart den no 52 år gamle tiltalte mannen arrestert for drapet etter at politiet hadde funne DNA-et hans i ein blodflekk på strømpebuksa til Tengs.

Ingen andre enn retten sjølv kjenner enno grunngivinga for domfellinga, men DNA-beviset var truleg heilt avgjerande for at dommarane fall ned på at 52-åringen må vere gjerningsmannen.

52-åringen nekta straffskuld då saka gjekk i tingretten frå 7. november til 21. desember i fjor, og forsvararane sa under rettssaka at arvestoffet kan ha komme på strømpebuksa på andre måtar enn ved at han gjorde seg skuldig i drapshandlinga.

– Eg har ikkje drepe nokon, var dei siste orda han sa under rettssaka.

Foreldra gruar seg

Det er venta at dommen vil bli anka. Ankesaka er allereie dagsett i Gulating lagmannsrett 4. september.

Foreldra til Birgitte Tengs følgjer domsavseiinga via link heimanfrå. Dei har ulike oppfatningar om kven som stod bak handlingane mot dotter deira for 28 år sidan, ifølgje bistandsadvokat John Christian Elden.

– På bakgrunn av bevisføringa er dei ikkje overtydde om at dei får eit endeleg svar her i dag. Dei er håpefulle på at det kjem ei avgjerd, og at det kjem eit svar, dei har berre ikkje den store trua, seier han.

Foreldra har allereie byrja å grue seg til 4. september, seier medbistandsadvokat Erik Lea til NTB.

– Dei får ein dom, men uavhengig av innhaldet i dommen, får dei ikkje noko svar på det som skjedde dei siste timane forut for at ho vart drepen. Det svaret gir nok neppe tingretten i dag. Det er det svaret som betyr alt, slik at dei skal kunne vere sikre i saka si, seier Lea.

Powered by Labrador CMS