nyhende
50.000 kroner til ro- og padleruter i Sveio
Vestland fylkeskommune ynskjer å etablere minst 100 ro- og padleruter, og gjev no 50.000 kroner til Sveio kommune for å kartlegga og gradera mogelege ruter langs kysten.
Prosjektet frå Vestland fylkeskommune byrja i 2020 og går ut 2024, og søkjer å styrka roing og padling blant innbyggarane på Vestlandet. Nyleg vart det vedteke å dela ut 800.000 kroner fordelt på seks kommunar, kor Sveio får 50.000 av dei.
Fylkeskommunen håpar prosjektet treff i fleire retningar; betre folkehelse, auka bulyst og ikkje minst ei styrking av den tradisjonsrike kystkulturen. Det kan passa godt for Sveio sidan kommunen er omringa av sjø i vest, nord og aust, og ikkje minst har fleire store vatn.
Dei andre kommunane, Alver, Austevoll, Bergen, Osterøy og Vaksdal, søkte saman under Bergen og omland Friluftsråd (BOF). Opphaveleg ba dei om 1.116 666 kroner, men vart tilrådd 750.000kr.