nyhende

Noregsprisordninga til regjeringa om fastpris på straum skal bidra til meir føreseielegheit i straumrekningane. Biletet viser høgspentmaster som leverer straum til Hydro Karmøy. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Noregsprisordninga til regjeringa om fastpris på straum skal bidra til meir føreseielegheit i straumrekningane. Biletet viser høgspentmaster som leverer straum til Hydro Karmøy.

50.000 har bestilt noregspris på under éin time

Før det var gått ein heil time har over 50.000 bestilt noregspris på straum onsdag, melder TV 2.

Publisert Sist oppdatert

– Allereie før klokka 10 i dag har over 50.000 vore inne og bestilt noregspris, skriv kommunikasjonssjef Christine Rynning-Tønnesen i Elhub i ei tekstmelding til kanalen.

Klokka 9 onsdag formiddag opna moglegheita for å bestilla noregspris på elhub.no.

Elhub budde seg godt før lanseringa for å tola pågangen, men minner om at det ikkje hastar å bestilla. Ein kan godt venta nokre dagar.

– Alle som bestiller til og med 1. oktober, får noregspris frå 1. oktober. Så her er det ingen grunn for brukarar til å logga seg på med ein gong når det blir opna for å bestilla. Ein har god tid på seg, sa Rynning-Tønnesen tidlegare til NTB.

Ordninga inneber ein fastpris på straum på 40 øre (50 øre inklusive moms) frå 1. oktober, same kva spotprisen er.

Éin av to straumkundar er usikre på om dei skal velja noregspris, viser ei undersøking frå Forbrukarrådet gjord i sommar.

Dersom ein bestiller noregspris, blir denne straumprisen gjeldande ut neste år. Avtalen er dessutan knytt til straummålaren, ikkje person, slik at han gjeld òg om bustaden blir overteken av ny eigar.

Powered by Labrador CMS