nyhende
50 born får tilbod i skular og barnehagar
Barnehagar og skular er stengde, men 26 barnehageborn i Sveio får likevel eit tilbod i barnehage. Det 24 skuleborn fordelt på dei ulike skulane. Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad trur behovet kan auka i tida framover.
Flesteparten av dei 50 borna får dette tilbodet fordi begge foreldra har såkalla samfunnskritiske arbeidsoppgåver. Talet inkluderer også nokre som får tilbodet ut frå særskilte behov.
– Me er pålagt å ha små grupper for å hindra smittespreiing mest mogleg. Derfor har me ein vaksen per to born. Dermed er ganske mange tilsette involverte, seier Lier Habbestad.
Mange med samfunnskritiske jobbar
– I forhold til folketalet ser det ut til at Sveio har mange innbyggjarar med samfunnskritiske jobbar. Då er det særs viktig å hindra at borna deira skal bli utsette for smitte i barnehage eller skule, held kommunalsjefen for oppvekst fram.
Oppvekstetaten har lånt ut ein del tilsette til helse og omsorg. Nokre av desse kan bli trekt tilbake til dei ordinære arbeidsplassane sine dersom behovet for tilbod i barnehagar og skular aukar.
Lier Habbestad vil ikkje gå ut med kor mange born som får tilbod ved den enkelte skule og barnehage. Og sjølv om det totale talet måndag føremiddag var 50, understrekar ho at ikkje alle desse er på skulen eller i barnehagen kvar dag. Tala som her blir refererte til, blei henta inn måndag føremiddag.
Digital skulekvardag
Lier Habbestad rosar også den innsatsen lærarane gjer gjennom heimeundervisning av elevane sine.
– Me har tatt eit langt sprang framover når det gjeld digitalisering. Lærarane jobbar fantastisk bra, og me merkar stor kreativitet og entusiasme. Samstundes blir det lagt mykje arbeid i å etablera digitale møteplassar for å ta vare på elevane sitt sosiale liv.
I samtale med rektorane blir det lagt mykje vekt på at alle elevane blir ivaretekne, seier Lier Habbestad.
Og medan lærarane underviser på digitale plattformer, brukar barnehagetilsette tida til lå ringa rundt til borna «sine» og halda kontakten med dei på den måten.