nyhende
50-årsfrimerka til kronprinsparet er klare
I samband med 50-årsdagane til kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit har Posten laga to nye frimerke.
— Det er faktisk ti år sidan kronprinsparet var på frimerke sist. Det var i samband med deira 40-årsdagar, seier Postens frimerkesjef Halvor Fasting til NTB.
I sommar og haust fyller både kronprinsen og kronprinsessa 50 år, og feiringa er allereie i gang. Posten gjer stas på «bursdagsbarna» ved å trykkje opp 1,5 millionar frimerke av kvar av dei.
— Vi har ein lang tradisjon i Noreg for å lage frimerke ved kongelege jubileum. Denne gongen har vi ikkje brukt foto, men illustrasjonar av kronprinsparet laga av illustratør Trond Bredesen, seier frimerkesjefen.
Lang tradisjon
Dei to nye frimerka blir lanserte 14. juni. Dei er laga med same strek som fleire jubileumsfrimerke frå i fjor, og dei går dermed inn i same serie. I fjor fekk prinsesse Ingrid Alexandra eit eige frimerke til 18-årsdagen, og kongeparet fekk kvart sitt i samband med 85-årsdagane.
Det vart også laga eit frimerke med kong Haakon i fjor, sidan det var 150 år sidan han vart fødd.
Tradisjonen med kongelege på frimerke går langt tilbake.
— Det aller første norske frimerket kom 1. januar 1855 og hadde riksvåpenet som motiv. Men allereie året etterpå kom det første frimerket med kongeleg motiv, med bilete av kong Oscar I, seier Fasting.
Sidan har det vorte laga ei rekkje ulike kongelege variantar. Dronning Maud var faktisk den første kvinna på norske frimerke i 1939.
Prinsesse Ingrid Alexandra har allereie vorte avbilda på frimerke i samband med dåpen og i 2005 saman med faren og bestefaren, før altså eit 18-årsfrimerke i fjor.
Sel framleis millionar av frimerke
Sjølv om frimerkebruken i Noreg har falle kraftig dei siste åra, påpeikar Fasting at dei selde 15 millionar frimerke i fjor. Og samleinteressa er framleis stor.
— Årleg gir vi ut i overkant av 20 frimerke fordelte på 10–12 seriar. Framleis er det faktisk 15.000 kundar som abonnerer fast på alle dei nye frimerka som blir gitt ut, seier han.
Kronprins Haakon fyller 50 år 20. juli i år, medan kronprinsesse Mette-Marit har bursdag 19. august. Dei to planlegg ein storstilt bakgardsfest på Slottet for å feire jubileet 25. august, som er parets bryllaupsdag.