nyhende
5 timar lang kontroll – bøter for 200.000
For høg fart, ignorering av stoppskilt, manglande beltebruk og snakking i mobiltelefon. Up hadde nok å gjere under ein kontroll på E39 på Haukås.
Det var torsdag at Utrykkingspolitiet stilte seg opp med to patruljar på E39 ved Haukås. Kontrollen gjekk føre seg mellom klokka 09.30 og klokka 14.59.
Mista førarkortet
Resultatet var, som vanleg når UP stiller seg opp på Haukås, nokså nedslåande.
Det vart skrive ut 37 fartsbøter til sjåførar som vart målt til å køyre for fort i. 29 av desse tilfella skjedde i 60-sona. Her fekk ein person også kverrsett førarkortet etter å ha «prestert» 89 kilometer i timen. Åtte andre vart målt til for høg fart i 80-sone.
Mange overser stoppskilt
For gebyr som handlar om andre ting enn fart, vart det skrive ut gebyr for til saman 126.650 kroner. Det handlar først og fremst om sjåførar som kom opp frå fylkesveg 47 frå Sveio/Haugesund, og som ikkje respekterte stopp-skiltet før dei svinga ut på E39.
Kjetil Nesbu er ein av UP-betjentane som var til stades. Han har mykje erfaring frå kontrollar på Haukås, og slår fast at resultatet slett ikkje er uvanleg under ein meir enn fem timar lang kontroll.
— Men det er litt spesielt at vi tar 17 sjåførar for ikkje å overhalde kravet om full stopp ved stopp-skiltet, seier han.
Han peiker på at når vegmyndigheita vedtar å sette opp eit stopp-skilt, så er det fordi trafikkbildet krev særleg merksemd.
— Regelen er at ein skal stå nærme den trekte linja med alle hjula i ro, presiserer han.
Han oppmodar både sveibuen og alle andre til å respektere både farts- og stoppskilt, då alt handlar om tryggleiken for alle som ferdast langs vegane.
— Godt nok skilta
Den siste tida har det vore ein debatt om skiltinga er god nok på Haukås, og om fartsgrensa er rett. Vestavind skreiv nyleg at Statens Vegvesen sjølv har stilt spørsmål ved om 60 kilometer kan vere for låg, og om skiltinga er god nok. Etaten føretar i desse dagar vurderingar kring tiltak på Haukås.
Kjetil Nesbu i UP meiner skiltinga er god nok, og at sjåførane ikkje bør vere i tvil om kvifor det er 60-sone på staden.
— Når du berre køyrer forbi ein gong no og då kan det kanskje vere roleg det eine minuttet du er i området. Men når du står i området over tid, slik vi gjer, så ser du at det føregår mye i området. Det er trafikk inn og ut frå bensinstasjonen, det er busstoppar, det er mange avkøyrslar på streknina, og det er ein del traktortrafikk på vegen, seier Kjetil Nesbu.
Han legger til at fartsmålinga UP føretok torsdag vart gjort av sørgåande trafikk, som mellom anna passerer bensinstasjonen tidleg, og dermed raskt bør oppfatte at det er skilta 60 med god grunn.
— Vi måler dessutan ikkje før køyretøyet har passert 60-skilt nummer to er passert, seier han.
Det vart torsdag også skrive ut eitt gebyr for bruk av handhalden mobiltelefon (7.450 kroner) og eitt gebyr for manglande sikkerheitsbelte (1.500 kroner).