nyhende
5. klassingane i Sveio har dei beste lesekunnskapane blant alle nabokommunar
5. klassingane i Sveio er best i klassa når det gjeld lesing og språkforståing, samanlikna med nærliggande kommunar. Det tyder på at satsinga frå 2016 fungerer.
Resultat frå nasjonale prøvar avslører kor stort læringsutbytte elevane har hatt dei fire første åra. For nokre år tilbake var utviklinga negativ, det slo også ut for andre klassetrinn.
I Sveio, hausten 2016 blei det utarbeida strategidokument og handlingsplanar, med mål om å styrka barnehagane sine språkmiljø, og gjera elevar betre til å lesa og skriva – og minst få desse opp på nivå med resten av landet.
Endra arbeidsmåtar
Som språkkommune i regi av Utdanningsdirektoratet, fekk Sveio både midlar og verktøy for å auka kompetansen. Prosjektperioden varte i 2 år, men Sveio har halde fokuset oppe. No ser det ut til innsatsen gir resultat.
– Dette er fantastisk kjekt. Lesedugleik er så grunnleggjande for alt skulearbeid. Me hadde kjempeutfordringar for nokre år sidan. Sidan den gong har me endra arbeidsmåtar, og hatt eit veldig sterkt fokus på lesing, seier Petter Steen jr. rådgjevar på skulekontoret i Sveio. Han har følgt arbeidet sidan oppstarten
Gode på rekning
– Me har også fine resultat for i 5. klasse i rekning, det har nok ein samanheng med at dei er flinke til å lesa rekneoppgåvene. Eg kjenner meg sikker på at dette er godt arbeid frå lærarane si side, rosar Steen.
5. klassingane ligg over snitt for både fylkes- og landssnitt i dette emnet også, i følgje skoleporten.no.
Det har gått rette veien dei siste tre åra, men først no kjem dette fine hoppet, som viser at 5. klassingane i Sveio har flest elevar på høgaste nivå, mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
– Det kan gå opp og ned, og på ulike årskull kan det vera spesielle utfordringar, men dette er veldig kjekt, seier Steen, og gler seg over resultata.
Sjølv om prosjektperioden som språkkommune er over, har rådmannen rådd til at språk, lesing og skriving framleis skal vera eit overordna satsingsområde i Sveio, opplyser Steen.
Felles retningslinjer
Alice Enerstvedt er ei av dei som jobbar med undervisning på småtrinnet på Vikse skule. Det blei nye tider då kommunen sine nye føringar for opplæringsarbeid kom.
Enerstvedt trur at dei oppløftande leseresultata som kjem fram no, har rot i Sveio kommune sitt fokus på språk.
– Me har fått oppfølging på språkområdet, og me har hatt kurs på alle arbeidsplassar for lærarane. Før stod ein friare i undervisninga, det var variasjonar frå lærar til lærar. No har me felles retningslinjer og meir kunnskap som ein språkkommune, seier Enerstvedt.
Ho har fleire døme på kva ho synest fungerer på Vikse skule. Systematisk opplæring er eit stikkord. Ein av endringane er at 1. klassingane lærer alle bokstavane fram til jul, framfor å bruka eitt heilt skuleår på same arbeidet. Dette er bestemt i den kommunale språkplanen.
To med i timen
Før blei elevar som sleit i enkelte fag, tatt ut av klassen for å få spesialundervisning. No er dette implementert i klassane.
– Me fangar opp dei som strevar tidleg, og jobbar heller i små grupper i klasserommet. Me ser kor dei er, og trenar spesifikt på det dei treng, seier Enerstvedt, som også er nøgd med to-lærarsystemet dei har på Vikse. Det vil seia at det er to lærarar i klasserommet i norsk, matte og engelsk.
Ho vil også trekka fram eit anna viktig moment:
– Eg har heile tida hatt foreldra med meg på laget, dei har forstått kor viktig det er med dagleg trening på bokstavar og lesing. At dei er støttande for elevane si begynnaropplæring er kjempeviktig, seier Enerstvedt, som har følgt dagens 5. klasse ut 4. klasse.