nyhende
48 mista livet i trafikken i sommar
I juni, juli og august døydde 48 personar i trafikken i Noreg, 16 fleire enn i sommarmånadene i fjor, viser statistikk frå Statens vegvesen.
– Det har vore ein utfordrande sommar med veldig mange dødsulykker. Vi ser eit stort behov for endå kraftigare tiltak for å få ned dødstala på norske vegar, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen, i ei pressemelding.
Ubeskytta trafikantar
Ifølgje Drevdal er det primært ubeskytta trafikantar som står for den store auken i dødsfall i 2025. Ho viser til at det er nesten dobbelt så mange omkomne på sykkel som dei seinare åra.
− Mange familiar og nabolag har mista nokon dei var glade i. Ei dødsulykke råkar så mange. Det er menneske bak tala, seier ho.
12 fleire enn i fjor
Tolv trafikantar mista livet i august, og ved utgangen av august var det samla talet 81 omkomne i trafikken i år. Det er 12 fleire enn i same periode i fjor og berre seks færre enn i heile fjoråret, viser Vegvesenets tal.
Statens vegvesen jobbar no med ein ny tiltaksplan for trafikktryggleik som skal på høyring om ein månad. Her blir det mellom anna varsla nye tiltak for å bidra til å løyse utfordringane med ungdom, motorsykkel og fart.