nyhende
4,5 millionar til fysisk aktivitet og friluftsliv i Vestland
Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt 2 millionar kroner til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom og 2,5 millionar til friluftsaktivitet.
– Vestland fylkeskommune bidreg kvart år med fleire millionar kroner til organisert aktivitet og idrett, eigenorganisert aktivitet og friluftsliv. Fylkeskommunen er difor ein viktig støttespelar for frivilligheita, og jobbar aktivt for at fleire skal ha høve til å vera fysisk aktive kvar dag. Tilskotsordningane me har er viktige verktøy for at fleire skal kunne delta på lik linje med andre, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering. Det er Vestland fylkeskommune som skriv om dette på eigen nettstad.
Søknad frå Sveio
Det var 55 søkarar på tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom, éin frå Sveio. Valestrand idrettslag søkte om tilskot til fysisk aktivitet for 1.-3. klasse, men fekk i likskap med 35 andre søkarar avslag.
Dei fleste som søkjer som søkjer direkte til ordninga er lokale idrettslag, samt nokre grendalag og andre organisasjonar, men dei er ikkje i målgruppa for ordninga.
– Tiltaka som desse søkjer tilskot til, er oftast lokale og med liten overføringsverdi. Fylkeskommunen har derfor lagt om ordninga for å sikra at me tar i vare rolla som regional utviklar og ikkje går inn i kommunale oppgåver. Tilskotsordninga vil bli evaluert for å sikra at løyvingane blir målretta og underbyggjer målsettinga, oppsummerer fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd og seksjonssjef Britt Karen Spjeld i saksframlegget.
Naturopplevingar til fleire
Dei 2,5 millionane til friluftsaktivitet blir fordelte mellom blant andre orienteringslag, turlag, idrettslag, friluftsråd og andre frivillige organisasjonar. Inkludering er eit tema som går att også i denne tildelinga.
– Gjennom desse tildelingane håpar vi å bidra til at fleire får naturopplevingar, til sosial utjamning og til ei positiv utvikling i folkehelsa. Lågterskel aktivitet i naturen er eit godt verkemiddel for å fremje både folkehelsa og for å gjere det enklare for folk å vere fysisk aktive nær der dei bur, seier Davies.
Friluftsrådet Vest og Haugesund turistforening som Sveio kjem inn under, har fått tilskot.