nyhende
4.000 SAS-flygingar blir kutta i sommar
Rundt 5 prosent av alle opphavlege SAS-avgangar blir kansellerte i sommar. Det er uvisst kor mange norske flygingar som blir ramma.
Årsaka er mannskapsmangel og forseinka flyleveransar, opplyser Nyman.
Kutt over heile linja
Pressesjefen i SAS i Noreg, John Eckhoff, stadfestar kanselleringane overfor E24.
Eckhoff har ikkje nøyaktige tal på kor mange norske flygingar som blir ramma, men seier til avisa at det blir kutta jamt over heile linja.
Det vil ramme planlagde flygingar i månadene mai til august. Totalt er det planlagt 75.000 flygingar i denne perioden.
– Dette er ei krise som SAS-leiinga har valt å utsetje kundane våre for, seier leiaren i Norske SAS-flygeres Forening, Roger Klokset, til Nettavisen og E24.
Skuldar på selskapet
450 av dei oppsagde pilotane er framleis arbeidsledige, seier Klokset. Han skuldar SAS for å ha utnytta pandemien til å kvitte seg med 40 prosent av pilotane, medan dei samtidig opprettar dotterselskap med nye tilsette på dårlegare vilkår.
– Dette har vi frå pilotforeiningane påpeika i lang tid, men svaret frå SAS-leiinga har heile tida vore at ein har full kontroll og har alle ressursane ein treng til sommaren, seier han.
Eckhoff seier til E24 at kanselleringane må sjåast i samanheng med situasjonen i den internasjonale luftfarten etter pandemien, og utfordringane med oppskalering.
Fleire andre europeiske flyselskap har også redusert sommartilbodet, mellom anna på grunn av personellmangel, skriv Dagens Industri og viser til British Airways, som har innstilt 16.000 flygingar.
(©NPK)