nyhende
40-årsjubilant inviterer til konsert
Søndag inviterer Ad Libitum til konsert med Maria Solheim og Sveio barnekor i Sveio kyrkje. Programmet blir variert med eigne innslag frå Maria Solheim, Ad Libitum og barnekoret, og fleire innslag der alle er med.
Ad Libitum er 40 år i år, og konserten kan såleis reknast som ein jubileumskonsert. Koret tel rundt 30 personar og blir leia av dirigenten Per Bjørn Habbestad.
Repertoaret spenner vidt med nær sagt alle typar musikk, og dei har samarbeidd med ei rekke profesjonelle musikarar og solistar. Denne konserten er det altså Maria Solheim sin tur.
Kjent for mange
Solheim er kjent for mange både frå radio og tv, og ho slo gjennom som ung nordnorsk folkpopartist i ein alder av 19 år. Sidan den gong har ho reist verda rundt med sine hjartenære songar. Ho er nominert til spellemannsprisen fleire gonger, har gitt ut sju soloalbum og to barneplater, der den eine fekk Spellemannsprisen i 2020)
Ho har sunge i kongelig dåp og konfirmasjon, vore på utallige europaturnear og gjort konsertar i både USA og Asia. Her heime høyrer me med jamne mellomrom stemma hennar på radio. Seinast med «Nordlyset» som låg mange veker på topp i NRK P1.
Barnekor og fast pianist
Sveio barnekor er ein flott gjeng med barn frå heile kommunen, og har deltatt på og gjort mange konsertar opp gjennom åra. Koret har fostra mange talentfulle solistar, og spreier energi og glede med det dei framfører. Koret blir no leia av dirigent Tiril Birkelid.
Andre Eide er fast pianist for både Ad Libitum og Sveio barnekor. Eide har dei siste åra gjort karriere som pianist både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Han er blant anna godt kjent gjennom sosiale medium der han kvar månad når ut til flere millionar frå heile verda med sine musikalske tolkingar. Han har gjort fleire konsertar i Sveio, både med og utan Ad Libitum.
Ad Libitum lovar ein stemningsfull, flott og mektig konsert, og håper mange finn vegen til Sveio kyrkje på søndag. Billettar blir selt ved inngangen.