nyhende

Mange fekk seg ei overrasking fredag morgon. Temperaturen i bilen viste plussgrader, men i løpet av natta hadde regnet på vegane frose til is. Foto: Thomas Vallestad Drageset.
Mange fekk seg ei overrasking fredag morgon. Temperaturen i bilen viste plussgrader, men i løpet av natta hadde regnet på vegane frose til is.

4-hjuling havna i grøfta

Over heile distriktet blei det meldt om spinnglatte vegar fredag morgon. På Tjernagelvegen gjekk det gale for ein firhjuling ved Fjellstad.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om uhellet klokka 06.41 og rykte ut med ein patrulje.

– Våre folk på staden karakteriserte føret som speilglatt, fortel vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.

Framsto som uskadd

På det speilglatte føret hadde den overbygde 4-hjulingen sklidd av vegen. Føraren, ei kvinne i 50-åra, framsto ifølge Tornes som uskadd. Ho blei likevel tatt med til legesjekk.

På grunn av uhellet var det stans i trafikken ein periode. Køyretøyet blei etter kvart henta av bergingsbil.

Framleis glatt på sidevegar

Sjølv om Vegtrafikksentralen meldte at det var sendt ut mannskap frå klokka 05.00, var det mange stadar ikkje salta før den vanlege morgontrafikken begynte. I Sveio er det i skrivande stund framleis ein del sidevegar som ikkje er salta.

Heller ikkje på E39 rakk ein å salta alt før det gjekk gale. På Ådland på Stord køyrde ein lastebilar i grøfta.

Powered by Labrador CMS