nyhende
38 prosent har førehandsrøysta
Ein stor del av dei røysteføyre halt allereie tatt sitt val i spørsmålet om dei vil vere rogalendingar eller framleis vere ein del av Vestland fylke.
(Retting 10. januar: Laurdag 8. januar skreiv vi at det var 1.587 som hadde førehandsrøysta. Dette var korrigert av kommunen til 1.741 seinare fredag kveld, utan at vi fekk retta det i denne artikkelen.Måndag vart talet justert opp til 1.744. Forklaringa er at tre røystegivingar i konvulutt blei registrerte i manntalet først måndag, melder Sveio kommune til Vestavind.)
Førstkomande måndag går den store folkerøystinga av stabelen i Sveio. Klokka 10 opnar dei tre røystelokala i Førde samfunnshus, Sveio soknehus og Vike skule.
Innbyggarane har kunna førehandsrøysta mellom 1. desember og 7. januar.
Nesten 40 prosent
Då førehandsrøystinga stengde 15.30 fredag hadde hele 1.744 av dei 4.525 røysteføre i kommunen levert sin stemme.
Det er ein del på 38 prosent.
Ordførar Linn Therese Erve seier at tala tyder på at oppslutnaden om folkerøystinga blir høg.
— Det er veldig bra at det er så mange som har valt å gi si stemme på førehand. Eg har også ei forventing om at det er ein del som kjem til å røyste på valdagen, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
«Stikk og røyst»-suksess
Vel å merke var det 50,1 prosent som førehandsrøysta ved siste stortingsval i Sveio, noko nok skuldast koronapandemien.
Truleg spelar pandemien inn på førehandsrøystinga også i år, for mange har også nytta høve til å røyste i samband med at dei har tatt vaksine mot covid-19.
Vanlegvis har førehandsrøysringa ligge på mellom 30 og 32 prosent ved ordinære val til høvesvis kommune, fylkesting og storting.