nyhende
Resultat av telefonundersøking:
3 av 4 sveibuar ønskjer å bevara småskulane
Sentio Research Norge har på oppdrag frå Sveio Høgre gjennomført ei meiningsmåling om framtidig skulestruktur i Sveio kommune.
– Bakgrunnen for undersøkinga var då me oppsummerte etter sist formannskapsmøte der det blant anna vart argumentert ut frå mottekne bodskap frå «tause» stemmer. For oss i Høgre vart det difor viktig å få ei betre forståing for kva dei «tause» stemmene i Sveio faktisk seier. Me bestemte oss difor for å setja ut eit oppdrag til ein truverdig aktør for å få gjennomført ei meiningsmåling blant eit representativt utval av innbyggjarane i kommunen, opplyser Lars Einar Hollund i Sveio Høgre.
Svara overraska
Undersøkinga er gjennomført per telefon og består av eit utval av 418 personar over 16 år, busett i Sveio kommune. Målet var å få svar på sjølve kjernespørsmålet i skulestrukturplanen; nemleg kva meiner sveibuen om å leggja ned småskulane.
– Me håpa sjølvsagt på eit positivt svar, men blei likevel overraska. Det er oppsiktsvekkande kor krystallklar sveibuen er i spørsmålet om å oppretthalda dei to småskulane, seier Hollund og legg til: – Me håpar inderleg at kommunestyret lyttar til dei såkalla «tause» stemmene.
To spørsmål
Telefonintervjua blei gjennomførte 26. – 29. mars. I meiningsmålinga blei det stilt to spørsmål.
Spørsmål 1: – Kommunestyret skal snart behandla saka om skulestruktur i Sveio kommune. Det er føreslått å legga ned skulane i Auklandshamn og Valestrand for å spara pengar. Meiner du Sveio kommune skal behalda skulene i Auklandshamn og Valestrand?
Ifølgje rapporten frå Sentio reserch Norge har 75 % sagt ja til dette spørsmålet, 18 % nei, – dei resterande veit ikkje.
Spørsmål 2: – Trur du ei nedlegging av dei to skulane Auklandshamn og Valestrand vil bidra til å utvikla dei to respektive bygdene i positiv retning for framtida?
Her har 16 % svara ja, 77 % nei, – dei resterande 6 % har svara veit ikkje.
Vidare er svara brote ned på bakgrunnsvariablar. Her viser undersøkinga at når det gjeld kjønn og alder, er det svært få variablar.