nyhende

277 elevar gav alt for skulen sin

130 jenter og 147 gutar frå skulane i Sveio møttest til venskapleg dyst på idrettsbanen sist veke.

Publisert Sist oppdatert

Aktivitetsdagen for Sveio-skulene er ein tradisjon frå 1970-talet, og skal ha vore gjennomført i kvart år, heilt fram til koronapandemien sette ein stoppar i to år. Men i år var det endeleg klart til ny dyst mellom til saman 277 elevar elevar frå 5 til 7. trinn frå Vikse, Sveio, Auklandshamn, Førde og Valestrand.

— Veldig kjekt

Karen Sofie Saltvedt og Malena Wirkola Lie var to av jentene frå Vikse skule som hadde tatt turen til arrangementet som fant stad ved idrettsanlegget ved Sveio skule.

— Veldig kjekt å vere med, seier jentene som er vane både med å vere i aktivitet og konkurrere. Begge speler nemleg fotball på Sveio IL sitt jenter-11 lag til vanleg.

På graset fann med også to kamerater frå klasse 5B på Sveio skule.

— Me har sprunge 60 meter, kasta liten ball og me har sprunge terrengløp, fortel kompisane Jone Halleland Thuestad og Mathis Fresvig Skiftun, som begge går i klasse 5B ved Sveio skule.

Begge fortel at dei trener litt på fritida, mellom anna med vekter.

Stafett

Aktivitetsdagen vart avslutta med det 6 x 100 meter stafett som sto på programmet. Ei øving som Sveio skule, kommunen sin klart største skule, har for vane å vinne. Og slik vart det også i år. Til stor jubel frå medelevar sprang dei først over målstreken, og vart klokka inn på tida 1.36,21.

Vikse skule vart nummer to stafeetn med tida 1.38,31, Førde nummer 3 med 1.39, 16. Auklandshamn vart nummer fire med tida 1.45,27 og Valestrand nummer 5 då dei kom i mål på 1.49,09.

— Hadde god hjelp

Lærar Ole Jacob Ravn Ottesen ved Sveio skule hadde tatt på seg ansvaret for gjennomføringa for første gang. Ein jobb han gjorde unna med stø han.

— Det gjekk heldigvis fint. Takka vere god hjelp frå andre vaksne ved skulen, og ikkje minst elevar frå 9. trinn som hjelpte til mellom anne med tidtaking og raking i lengdegropa, fortel han.

Powered by Labrador CMS