nyhende
260.000 kroner til programmering i skulen
Sveio kommune har fått midlar som skal brukast til å kjøpa utstyr slik at lærarane kan bruka programmeringskompetansen sin i klasserommet.
46 kommunar, seks fylkeskommunar og seks friskular får støtte til å kjøpa nytt programmeringsutstyr. Totalt blir det tildelt 20 millionar kroner i år.
Midlane kjem frå den femårige satsinga «Den teknologiske skulesekken». Satsinga har som har som mål å gje elevar kunnskap om og forståing for teknologi, algoritmisk tenking, programmering – og tilgang til gode digitale læremidlar.
450 millionar over fem år
– Programmering har fått en tydeleg plass i dei nye læreplanene som blir tatt i bruk til hausten. Mange skuleeigar har derfor tatt initiativ til å heva programmeringskompetansen til lærarane. Dette tilskotet bidrar til at dei får det utstyret dei trenger for å driva undervisning, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
I ei pressemelding skriv Kunnskapsdepartementet at regjeringa har bevilga 450 millionar kroner til satsinga i denne fem års-perioden. Av desse er det sett av 15 millionar kroner årleg til innkjøp av nytt programmeringsutstyr.
I tillegg har Utdanningsdirektoratet sett av fem millioner av egne kompetansemidler til tiltaket. I 2020, som i 2019, er rammen dermed totalt 20 millioner kroner.
Et kompetanseløft
Læreplanane i grunnskulen og videregående opplæring blir fornya frå hausten. Det er eit mål at alle elevar skal få kjennskap til korleis teknologi og ulike program fungerer og spelar saman gjennom opplæringa.
– Det er gledeleg at så mange søker, og at så mange skuleeigarar er i gang med kompetanseheving innan programmering. Me ser også at mange som ikkje har vore kvalifiserte tidlegare, har søkt på nytt, og at mange av desse nå får støtte, seier Hege Nilssen, direktør for Utdanningsdirektoratet.