nyhende
25 fleire sveibuar første halvår
2023 var første året med oppgang i innbyggartalet for Sveio på fleire år. Så langt i år er det blitt over dobbelt så mange nye sveibuar som i heile fjor.
2022 enda med 5.732 sveibuar etter ein nedgang på 43 innbyggarar. Fjoråret gav ein pluss på 10. At det blei pluss skuldast mellom anna at Sveio busette 35 ukrainske flyktningar i løpet av 2023.
Folketala for heile året blir presenterte av Statistisk sentralbyrå (SSB) siste halvdel av februar. Då var det ein nøgd André Mundal Haukås (H) som gledde seg over oppgang i folketalet etter fleire år med nedgang. I Vestavind kom ordføraren med ei oppmoding:
– Me treng fleire barn, og eg trur dei fleste veit korleis dei skal få det til.
Fødselsoverskot
No er det berre eit halvt år sidan det blei sagt, så det gir ikkje utslag på tala for andre kvartal i år. Der blei det fødd 13 nye sveibuar. Sju personar døydde i same periode, og det gir eit fødselsoverskot på seks.
Tala frå SSB viser at 65 flytta til Sveio medan 48 flytta ut. Dermed blei nettoinnflyttinga også positiv med +19.
Oppsummert var folkeveksten i andre kvartal 25. Det betyr at det var nullvekst i første kvartal sidan det 1. januar var 5.742 sveibuar mot 5.767 1. juli. Så langt i år har Sveio teke imot 22 flyktningar.
Tilflytting frå andre kommunar
– Veldig kjekt at me held fram med å veksa. Tala viser at me også ha god tilflytting frå andre kommunar, medan talet frå utlandet ikkje er så stort. Det blir gjort mykje bra rundt om i kommunen for å skapa bulyst. Noko som er bidrar mykje til at folk synest Sveio er ein kjekk kommune å bu i, seier Mundal Haukås.
Som med glimt i auga seier han gler seg til tala for neste kvartal for å sjå om oppmodinga hans har gitt resultat.
– Det er ikkje berre for Sveio dei siste tala frå SSB er positive. I aksen Bokn til Bjørnen (Os) er det ein folketallsvekst på beint 500 første halvår. Det er også kjekt at regionen lukkast med å skapa attraktivitet i kommunane langs aksen, seier ordføraren.