nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås

24 tekne i kontroll

Utrykkingspolitiet heldt kontroll i fem timar ved Haukås torsdag. Då vart 24 stoppa etter lasermåling.

Publisert Sist oppdatert

Det vart ein lang dag for utrykkingspolitiet i Sveio. Frå om lag klokka 10 til 15 sto dei i 60-sona ved bensinstasjonen på Haukås.

Til saman vart 24 sjåførar stansa, og ikkje alle godtok kvifor dei vart vinka inn.

— Det var 23 forenkla førelegg, og ein som vart meld då sjåføren ikkje ynskte å vedta eit tilbod om forenkla førelegg, seier Idar Helland, betjent i utrykkingspolitiet.

Strekninga ved Haukås er ein stad dei ofte held kontroll. Ei 60-sone mellom to 80-soner gjer at fleire ikkje sakkar ned til lovleg fartsgrense.

Torsdagens kontroll tok fleire slike. Allereie etter berre eit kvarter vart eit vogntog stansa for å ha køyrt i 69 kilometer i timen i 60-sona.

Den raskaste som vart teken låg ein god del høgare.

— Høgaste målte køyrde 77 kilometer i timen i 60-sona, seier Helland.

Powered by Labrador CMS