nyhende

Ved ein kontroll på Haukås tysdag ettermiddag blei det skrive ut 24 forenkla forelegg.
Ved ein kontroll på Haukås tysdag ettermiddag blei det skrive ut 24 forenkla forelegg.

24 forenkla forelegg på Haukås

24 forenkla forelegg. Det var resultatet etter at UP gjennomførte ein tre timar lang trafikkontroll på Haukås tysdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Kontrollen blei gjennomført i 60-sona på E39 frå klokka 17 til 20. 17 førarar fekk forenkla forelegg for brot på fartsgrensa. I tillegg fekk sju førarar forenkla forelegg fordi dei ikkje stoppa heilt ved stoppskiltet i krysset mellom Fv 47 og E39, fortel vaktsjef Dag Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.

Høgaste fart blei målt til 80 km/t, altså 20 kilometer over fartsgrensa. Det kvalifiserte til eit gebyr på 8.200 kronner pluss tre prikkar i førarkortet, ifølge lovdata.no.

Powered by Labrador CMS