nyhende

Sveio kommune har ei låg arbeidsledigheit på berre 1,2 prosent.ARKIVFOTO
Sveio opplevde ein negativ utvikling i folketalet i 2021.

23 færre sveibuar på eitt år

Vi blir stadig fleire innbyggarar i Noreg. Men Sveio kommune gjekk på ein folkesmell i fjor. Kommunen fekk rett nok eit fødselsoverskot, men det klarte ikkje å demme opp for høgare fråflytting.

Publisert Sist oppdatert
NPK/VESTAVIND: Ved årsskiftet var folketalet i Noreg 5.425.270, som er 33.900 fleire enn eitt år tidlegare. Det er folketilvekst i heile landet, bortsett frå i Nord-Noreg og dei minst sentrale kommunane.

Det vart fødd 56.060 barn i Noreg i fjor og det gav oss eit fødselsoverskot på 14.058, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Nettoinnvandringa enda på 19.650 og vart dermed igjen høgare enn fødselsoverskotet – noko som har skjedd kvart einaste år sidan 2005.

Dette er tala for Sveio kommune:

Fødslar: 56

Dødsfall: 40

Fødselsoverskot: 16

Netto innflytting: – 36

Folkevekst: -23

Befolkning ved utgangen av kvartalet: 5.775

NPK/VESTAVIND: Ved årsskiftet var folketalet i Noreg 5.425.270, som er 33.900 fleire enn eitt år tidlegare. Det er folketilvekst i heile landet, bortsett frå i Nord-Noreg og dei minst sentrale kommunane.

Det vart fødd 56.060 barn i Noreg i fjor og det gav oss eit fødselsoverskot på 14.058, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Nettoinnvandringa enda på 19.650 og vart dermed igjen høgare enn fødselsoverskotet – noko som har skjedd kvart einaste år sidan 2005.

Dette er tala for Sveio kommune:

Fødslar: 56

Dødsfall: 40

Fødselsoverskot: 16

Netto innflytting: – 36

Folkevekst: -23

Befolkning ved utgangen av kvartalet: 5.775

Lokale tal:

Befolkningen ved utgangen av 2021 i kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland:

Sveio: 5.775 (-23)

Haugesund: 37.444 (+121)

Karmøy: 42.541 (+196)

Tysvær: 11.283 (+105)

Bokn: 855 (-4)

Utsira: 188 (-4)

Vindafjord: 8.775 (+70)

Stord: 18.919 (+58)

Fitjar: 3.117 (-30)

Bømlo: 12.061 (+108)

Kvinnherad: 13.017 (-22)

Etne: 4.043 (-10)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Eit fødselsoverskot på 16 klarte altså ikkje demme opp for fråflytting frå Sveio. Netto innflytting, inkludert inn- og utvandring, enda på -36.

2020-veksten er borte

Dermed er også heile det positive talet frå 2020 (auke på 32) ete opp. Det året auka folketalet i kommunen med 32. Då var fødselsoverskotet 21, og netto innflytting enda på 11.

2021 vart med dette eit år med meir normal folkeauke, etter at Noreg i det første året av pandemien hadde den lågaste folkeveksten på nesten 20 år. Årsaka til den låge veksten i 2020 var i hovudsak svært låg innvandring grunna tiltaka mot koronapandemien.

Fleire nordmenn nesten over alt

Vestland hadde ein folketilvekst på 2471 personer og hadde ved årsskiftet 641.292 innbyggarar.

I Møre og Romsdal auka folketalet med 403 og er no 265.848, medan Rogaland fekk 3152 fleire innbyggjarar og no tel 485.797 personar. Vestfold og Telemark auka med 2950 personar til eit innbyggjartal på 424.832.

Viken fekk 16.846 fleire innbyggjarar og tel no 1.269.230.

Oslo hadde ein folketilvekst på 2.800 personar. Det er det lågaste nivået sidan 2000. Folketalet i hovudstaden var 699.827 ved årsskiftet.

Folketalet i Nord-Noreg fall med nesten 600 i 2021 og forklaringa er innanlandsk fråflytting.

– Begge dei nordnorske fylka hadde fødselsoverskot og positiv nettoinnvandring, altså fleire innvandringar enn utvandringar. Det var innanlandsk fråflytting som gjorde at befolkninga i nord fall i 2021, seier demograf Ane Tømmerås i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Færre i mindre sentrale kommunar

SSB deler kommunane inn i seks grupper etter kor sentrale dei er. I 2021 var det høgare folkevekst enn i 2020 på alle dei seks nivåa. Likevel minka befolkninga i dei to minst sentrale nivåa for femte året på rad.

– Det har i lang tid vore slik at ein større og større del av befolkninga bur i dei sentrale kommunane. Dette heldt fram i 2021, seier Tømmerås.

I dag bur 45 prosent av befolkninga i kommunane som utgjer dei to høgaste sentralitetsnivåa. Her finn vi blant anna dei største byane og kommunane rundt desse. Dette er 5,5 prosentpoeng meir enn for 30 år sidan, og 1,7 prosentpoeng fleire enn for ti år sidan.

I dei kommunane som er definerte som minst sentrale, var det mellom 1992 og 2022 eit samla folketap på 58 500 for desse kommunane. For 30 år sidan budde 18,4 prosent av befolkninga i desse kommunane. Det talet er no 13,4 prosent.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS