nyhende
22 lister i Hordaland til stortingsvalet
Til stortingsvalet i haust er det levert inn 22 listeforslag i Hordaland og 19 i Sogn og Fjordane. Det er ein auke frå valet for fire år sidan.
Sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane er slegne saman til eitt fylke, skal dei to tidlegare fylka velje kvar sine representantar til Stortinget. Hordaland har i dag 16 og Sogn og Fjordane 4 representantar, skriv Vestland fylkeskommune.
Seks nye lister i Hordaland
I Hordaland kom det inn fem fleire listeforslag enn ved stortingsvalet i 2017. Ei liste frå 2017 er vekke. Det er Feministisk Initiativ. Det inneber at det er seks nye lister i Hordaland. Dei er
- Industri- og Næringspartiet (INP)
- Partiet Sentrum
- Pensjonistpartiet (PP)
- Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB)
- Norges Kommunistiske Parti (NKP)
- Generasjonspartiet
Annonse
Hordaland kom desse 22 listene inn (i rekkefølgja dei vart leverte):
- Senterpartiet
- Sosialistisk Venstreparti
- Høgre
- Kristeleg Folkeparti
- Alliansen – Alternativ for Norge
- Piratpartiet
- Raudt
- Partiet Sentrum
- Venstre
- Miljøpartiet De Grønne
- Arbeidarpartiet
- Industri- og Næringspartiet (INP)
- Pensjonistpartiet
- Fremskrittspartiet
- Liberalistene
- Partiet De Kristne
- Folkeaksjonen Nei til mer bompenger Vestland
- Demokratene
- Helsepartiet
- Norges Kommunistiske Parti
- Kystpartiet
- Generasjonspartiet
Stortingsvalet er måndag 13. september.