nyhende
22 førelegg etter kontroll
Laurdag fekk Utrykkingspolitiet det travelt under ein kontroll på Haukås.
Frå klokka 12 og nokre timar utover dagen heldt Utrykkingspolitiet kontroll i 60-sona ved Haukås.
– Det vart ein storfangst kan ein seia, seier Roland Nyhammer Tvedt, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Heile 22 sjåførar vart stoppa. Ein av desse stansa ikkje ved stoppskiltet i krysset mellom E39 og Fylkesveg 47.
Resten av dei som vart stansa køyrde for fort.
– Dei skreiv ut 21 forenkla førelegg grunna fart, seier Tvedt.
Annonse
Alle godtok førelegga som vart skrivne ut.
– Høgaste fart var 79 kilometer i timen i 60-sona, seier Tvedt.