nyhende
2 av 10 bruker aldri hjelm
Sjølv om fleirtalet av norske syklistar bruker sykkelhjelm, innrømmer 2 av 10 at dei konsekvent aldri bruker hjelm. Det viser ei fersk undersøking frå Trygg Trafikk.
Tala er henta frå ein landsrepresentativ undersøking gjennomført av YouGov på oppdrag frå Trygg Trafikk og Tryg forsikring, der dei har kartlagt vanar og hjelmbruk til norske syklistar.
Der seier 7 av 10 at dei alltid eller ofte bruker sykkelhjelm. Samtidig svarer 16 prosent at dei sjeldan brukar det, og altså 18 prosent at dei aldri bruker hjelm.
– Hjelm er det viktigaste du som syklist kan bruka for å verna deg. Derfor er det bra at vi har komme dit at fleirtalet bruker hjelm. Samtidig er det synd at heile 34 prosent slurvar med hjelmbruken, og at såpass mange aldri bruker det, seier Ingrid Trømborg, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk i ei pressemelding.
Treng ei haldningsendring
I ei tilsvarande undersøking Trygg Trafikk gjennomførte i fjor svarte nemleg 73 prosent – fleire enn i år – at dei alltid eller ofte brukte sykkelhjelm.
– Me hadde så klart håpt at enda fleire brukte hjelm i år enn i fjor, og er skuffa over at utviklinga ikkje går fortare. I staden ser vi at tala er ganske like. Det seier oss at det framleis er behov for ei haldningsendring blant norske syklistar. Det er ikkje mangelen på kunnskap som er problemet, men at for mange har ein «er det så farleg»-haldning, fortset Trømborg.
I undersøkinga oppgir samtidig nærare 3 av 10 at dei ikkje har sykkelhjelm. Vanlegast er dette i aldersgruppa 40-49 år.
– Det er altfor dårleg. Har du sykkel, bør du ha hjelm – og bruka ho. Den vernar deg. Så enkelt er det, avsluttar Trømborg.