nyhende

– Det er ikkje uventa at me går litt ned i 3. kvartal. Me ser at det er utflytting innanlands som gjer at me går litt tilbake, seier ordførar André Mundal Haukås. Arivfoto: Thomas Vallestad Drageset
– Det er ikkje uventa at me går litt ned i 3. kvartal. Me ser at det er utflytting innanlands som gjer at me går litt tilbake, seier ordførar André Mundal Haukås.

19 færre sveibuar sidan august

No er Sveio berre seks innbyggjarar unna folketalet ved starten av året. Utflytting innanlands er den største årsaka til nedgangen.

Publisert Sist oppdatert

I 2023 blei det 10 fleire sveibuar og oppgang for første gong på fleire år med 5.748 sveibuar 1. januar 2024. Ein liten oppgang, men pluss er pluss. Håpet var å halda fram veksten utover året.

– Me treng fleire barn, og eg trur dei fleste veit korleis dei skal få det til, sa ordførar André Mundal Haukås (H) med glimt i auga då folketalet per 1. januar 2024 blei offentleg.

Nedgang

Første halvår blei også ein opptur med ny auke i folketalet til 5.767. Det knytte seg derfor ei viss spenning til talet for 3. kvartal, også med tanke på ordføraren si oppmoding i starten av året. Sjølv om det kanskje er i tidlegaste laget.

Det offisielle talet frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er 5.748 per 1. oktober. Det er ein nedgong på 19 personar sidan august, og seks innbyggarar unna det Sveio starta året med.

– Ikkje uventa

– Kva trur du er årsaka til nedgangen?

– Det er ikkje uventa at me går litt ned i 3. kvartal. Me ser at det er utflytting innanlands som gjer at me går litt tilbake. Det skuldast nok at nytt studieår starta i august og gjer at våre unge lovande studentar flyttar ut. Det gler meg at me framleis har fødselsoverskot, det er svært positivt. Eit svangerskap tek som så vidt eg veit ni månadar, så det er først no på slutten av året me får sjå om sveibuen tok oppmodinga mi i slutten av februar, seier André Mundal Haukås.

Powered by Labrador CMS